Tredje utgåve av NHH Bulletin er klar

NHH Bulletin

Årets tredje utgåve av NHH-miljøets eksternmagasin NHH Bulletin er klart. Blant sentrale tema er leiarløner, fallskjermar og aukande lønsforskjellar. I tillegg kan ein lesa om alt frå miljø- og klimaspørsmål til internasjonal merkevarebygging av rotnorsk ost.

07.10.2009 - Hallvard Lyssand


Noreg har tradisjonelt hatt relativt små lønsforskjellar i høve til mange andre land, men dei siste 10-20 åra har dette byrja å endra seg, og forskjellane vil fortsetja å auka framover, skriv førsteamanuensis Iver Bragelien i den nyaste utgåva av NHH Bulletin, som nyleg er kome frå trykkeriet.

Norsk og internasjonalt lønsnivå generelt og leiarløner spesielt er tema for ei fleire artiklar i eksternmagasinet.

Blant dei som uttalar seg om tematikken er, i tillegg til Bragelien, førsteamanuensis Jarle Møen frå Institutt for foretaksøkonomi og Knut Peder Heen, som nylig tok doktorgrad ved NHH med en avhandling der han blant anna ser nærare på toppsjefar sluttvederlag.

Klimautfordringar

Eit anna hovudtema i bladet er klima- og miljøspørsmål. I desember er det klimatoppmøte i København, men alt i september sytte ECT-konferansen for at klimaspørsmål og mogelege løysingar på framtidige utfordringar kom på dagsorden i Bergen.

Professor emeritus Agnar Sandmo byrja å interessere seg for å kopla økonomi og miljøspørsmål alt for 40 år sidan. Han utarbeidde m.a. eit teoretisk rammeverk for såkalla grøne skattar så tidleg som midt på 1970-talet, men politikarane har på ingen måte kasta seg over ideane hans korkje då eller sidan.

I NHH Bulletin blir ein del av Sandmo sin markante innsats innan miljøøkonomi presentert nærare, og han reflekterer over mogelege årsaker til at grøne skattar er upopulære.

Pop-ost og oljefond

Ein norsk idé som er riktig populær er Jarlsberg. Osten er Noregs mest kjente matvare internasjonalt, og no vil Tine posisjonera seg ytterlegare ute.

Eit SNF-prosjekt under leiing av professor Magen Supphellen har undersøkt korleis Jarlsberg kan framstå som heilskapleg globalt, samstundes som det vert teke omsyn til variasjonar i kulturelle variablar og kjennskap til Noreg som opphavsland.

Ein annan norsk aktør på den globale marknaden er Statens pensjonsfond - Utland, også kjent som oljefondet. Kva skjer med avkastninga når oljefondet og andre såkalla "Sovereign Wealth Funds" investerer i børsnoterte selskap?

Spørsmålet var oppe då NHH var vert for European Finance Association (EFA) sin store årlege konferanse.

Les elles om NHH-alumni og professor Peter Lorange, som har kjøpt seg ein handelshøgskule i Sveits, om tyrkiske Isikcan Aysev som har CEMS MIM-grad frå NHH og konsulentjobb i Dubai og mykje meir.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive