Ny ordbokutgåve frå Åge Lind

Åge Lind

Førsteamanuensis Åge Lind ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon har klar den femte utgåva av Norsk-engelsk juridisk ordbok.

13.10.2009 - Hallvard Lyssand


Juridisk terminologi og språkbruk verkar gjerne temmeleg arkaisk uavhengig av kva språk det er tale om. Men trass i at ein del ord er stive og gamalmodige, er lovverket - og dermed dei juridiske omgrepa - i relativt konstant endring og utvikling.

- Nye lovar kjem stadig til. Sidan førre utgåve av ordboka kom i 2003 har vi t.d. fått ny straffelov og nye reglar for sivilrettslege søksmål, og slike endringar fører gjerne med seg ny terminologi, seier førsteamanuensis Åge Lind ved Institutt for fagspråk og interkulturell kommunikasjon.

- I tillegg skjer det endringar i rettssystemet som gjer at omgrep endrar seg eller at nye kjem til. Til dømes er byrett og heradsrett er avløyst av tingrett, tvistemål og uteblivelsesdom er ute, rettstvist og fråværsdom er inne, borgarlege krav er blitt til sivile krav, og kjæremål, påkjære, osb. er avløyst av det meir forståelege anke, legg han til.

Blant konsekvensane av utviklinga er at ordbøkene treng oppdateringar jamleg. Lind gav ut første utgåve av Norsk-engelsk juridisk ordbok (Norwegian-English dictionary of Law) i 1992. Sidan har det kome ny utgåver i 1995, 2000, 2003 og altså i år.

Brukarane er m.a. omsetjarar, translatørar, advokatkontor, diverse offentlege kontor og jusstudentar.

Lind har også gjeve ut Engelsk-norsk juridisk ordbok, og understrekar at det er eit ganske anna arbeid, og ikkje ei spegelvending av norsk-engelsk varianten. I tillegg har han og Einar Hansen gjev ut Norsk-engelsk og Engelsk-norsk økonomisk-juridisk ordbok.

Eit minefelt

- Omsetjing av juridisk materiale kan vera å navigera gjennom eit minefelt. For det første er det nesten aldri ekvivalens mellom omgrep på to språk. For det andre varierer alt frå lovgjeving og rettspraksis til juridiske institusjonar, fastslår Lind.

- Sjølv i land der språk og tradisjonar i utgangspunktet er dei same - som England og Australia - kan det vera store ulikskapar i bruken av tilsynelatande identiske omgrep. I USA er dessutan dei interne variasjonane store. I tillegg til det føderale rettssystemet har kvar stat si eiga lovgjeving og eigen rettspraksis, held han fram, og nyttar omgrepet "supreme court" som døme.

- I dei fleste tilfelle kan det omsetjast med høgsterett. Men i New York vert omgrepet nytta om lågaste rettsinstans for dei fleste sakene, sivile som strafferettslege, seier Lind, og konstaterer at den nyansen nok har gått ein del tekstarar av amerikanske rettssalsdrama, og dermed også mange TV-sjåarar, hus forbi.

Klargjering

Når norske omgrep skal omsetjast er det også rikeleg med høve til å trø feil.

- For å nemna eitt døme vert "regjeringsadvokaten" oftast omsett til "Attorney General." Men det er i realiteten misvisande. Attorney General, som i Storbritannia er medlem av regjeringa og i USA tilsvarer justisminister, er noko heilt anna. I Noreg er regjeringsadvokaten ein embetsmann som fører sivile saker der staten er part, og "Government Advocate" er meir presist, seier Lind.

I ordboka viser han både til ulikskapar og nyansar mellom engelsk og amerikansk rett, og mellom termar som i utganspunktet verkar å vera identiske på norsk og engelsk, men der det juridiske innhaldet eller bruksområdet i realiteten er ulikt.

Det vert også lagt stor vekt på å visa korleis ord og omgrep vert nytta i setningar og i kombinasjon med andre juridiske omgrep, då faste uttrykk og formuleringar er viktige i både norsk og engelsk juridisk språk.

Konstruksjonar

I ein del tilfelle finst det ikkje dekkjande ord eller omgrep å omsetja til. Då må dei konstruerast, t.d. ved å bruka analogiar til eksisterande omgrep.

- Eg får ein del tilbakemeldingar på slike konstruksjonar. Som oftast er dei positive, men det hender det kjem innvendingar og vert litt diskusjon, seier Lind.

- Uansett er det mykje som tyder på at ordboka fyller eit behov, held han fram.

- Advokatkontor bestiller gjerne heile "klassesett" i slengen, og då førsteutgåva kom i 1992 bestilte visstnok Statsministerens kontor sporenstreks eit halvt dusin.

Åge Lind: Norsk-engelsk juridisk ordbok, sivil- og strafferett (Norwegian-English dictionary of Law), 5. utgåve, Cappelen Akademisk forlag, 2009.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive