Musikalsk julehjelp frå NHH Aid

NHH Aid har som mål å samla inn 1 million kroner til eit skuleprosjekt i Malawi i løpet av 2009. Som eit ledd i innsamlinga legg dei snart ut ein NHHS-produsert jule-CD for sal.

10.11.2009 - Hallvard Lyssand


Årets siste NHH Aid-prosjekt er ein CD der musikalske NHHS-grupper spelar og syng jula inn for ei god sak.

På plata bidreg alt frå Sangria til NU-band, og overskotet frå prosjektet går til Unicef-prosjektet Schools for Africa i Malawi, opplyser NHH Aid, og oppfordrar alle studentar, tilsette og andre til å skaffa seg både julestemning og litt betre samvit.

CD-en kostar kr 130, og vert å få på stand på Service og Merino og på Studia frå neste veke av (veke 47).

Spørsmål eller bestillingar kan rettast til julecd@nhhs.no

NHH Aid Jule-CD (Ill.: NHH Aid)
Overskot frå salet av NHH Aid sin jule-CD går til Unicef-prosjektet Schools for Africa i Malawi.
Foto: NHH Aid

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive