Ledig stilling som redaktør

NHH søker etter redaktør for internavisa Paraplyen. Vedkommande må kunne fungere som journalist, redigerar og redaktør for internavisa og elles for Informasjonsavdelinga.

23.11.2009 - Lisbeth Heilund


NHH ønsker ein drivande person som kan jobbe tett og godt i lag med fagpersonar og studentar i eit hektisk og engasjerande miljø. Søkarar må vera sjølvgåande, lydhøre og syne evne til å bidra aktivt og godt til formidling og interninformasjon ved NHH.

Arbeidsoppgåver:
• Redaktøransvar for den interne nettavisa Paraplyen
• Skrive gode forskingssaker spesielt for nhh.no og forskning.no
• Bistå webredaktøren

Ønska kvalifikasjonar:
• Gode journalistiske evner og dokumentert erfaring frå media
• Kjennskap til og røynsle med redigering
• Kunne webpubliseringssystem
• Røynsle frå dekning av politikk og eller økonomi
• Være ein habil fotograf og kunne redigere bilete
• Godt humør, engasjement og samarbeidsevne

For søkarar er det naudsynt med høgare utdanning (fortrinnsvis masternivå). Søkarar må vera språkleg sikker og kreativ på begge målføre og ha eit rimeleg nivå i engelsk eller andre framandspråk. Personlege evner vil bli vektlagt.

Andre oppgåver ved avdelinga vil vera aktuelt, til dømes bistand med redigering av nhh.no og anna.

Stillinga vert løna etter statens regulativ som 1434 - rådgiver i ltr. 46 - 52. Frå løna vil det bli trekt to prosent som innskot i Statens Pensjonskasse.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå balanse mellom kjønn og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn.

Ein gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan bli offentlege sjølv om søkaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkarlista. Søkaren vil bli orientert om dette på førehand.

Formidling og informasjon er eit satsingsområde ved NHH og vi kan love utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit godt miljø. Kontakt informasjonssjef Asle.Haukaas@nhh.no for nærare informasjon om stillinga.

Søk stillinga på www.nhh.no/stilling innan 5.12.2009.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive