Nobelvinnarar festa til film

Økonomiprisen filminnspilling

Midt på 1970-talet sat Finn E. Kydland og Edward C. Prescott på NHH og gjorde arbeid som etter kvart skulle gje dei Nobelprisen i økonomi. No skal nokre utvalde nobelprisløna teoriar bli presenterte i undervisningsfilmar, og onsdag var "Kydland" og "Prescott" atter i sving på eit NHH-kontor.

04.03.2009 - Hallvard Lyssand


- Du må skifta skjorte og slips. Det der blir for mykje party.

Ei 1975-utgåve av Finn E. Kydland, gestalta av skodespelar Vidar Magnussen, får klar kostymebeskjed frå regissør Bår Tyrmi, og må byta frå ei svakt prikkete til ei heilt kvit skjorte og eit meir diskret slips.

Detaljane tel når prisvinnande økonomiske teoriar skal presenterast på film.


Filminnspilling Tyrmi, Magnussen, Jørgensen
Regissør Bår Tyrmi (t.v.) fra Snøball Film instruerer skodespelarane Robert Jørgensen (t.h.) og Vidar Magnussen.

Seks filmar

På oppdrag frå Finansmarkedsfondet er produksjonsselskapet Snøball film AS i gang med å laga seks korte undervisningsfilmar for den vidaregåande skulen. Filmane skal presentera nokre økonomiske teoriar som er blitt løna med Nobelprisen.

Teoriane og prisvinnarane som vert presenterte er dei tre heilt eller delvis norske - Ragnar Frisch/Jan Tinbergen (1969), Trygve Haavelmo (1989) og Finn E. Kydland/Edward C. Prescott (2004) - og vinnarane dei fire siste åra. Haavelmo og Frisch blir samla i ein felles film.



Filminnspilling Holst og Sissener
Kameramann Øyvind Holst stiller inn biletet med skodespelar Kristin Sissener som fokuspunkt.

Nobelt i Merino

Nobelfilmane vert sett saman av intervju med fagpersonar og dramatiserte tidsbilete. Tysdag var eit crew frå Snøball film og tre skodespelarar på NHH for å gjera opptak til filmen om Professorane Finn E. Kydland og Edward C. Prescott.

Grunnlaget for pristildelinga i 2004 vart lagt gjennom arbeid dei to gjorde ved NHH midt på 1970-talet, og eitt av måla til filmcrewet var å illustrera Kydland og Prescott i arbeid på førstnemnde sitt kontor i seine kveldstimar.

I realiteten sat dei to ein stad i høgblokka. Men i arbeidet med å gjenskapa eit interiørmessig relativt autentisk -70-talskontor vart eit lokale i ein mørk avkrok av Merino-bygget brått forfremma til nobelt nivå.


Filminnspilling Jørgensen og Magnussen
Forskarane Kydland og Prescott er akkurat blitt rive ut av makroteoriane av at vaskehjelpen kjem forbi.

Scena som vart spela inn medan Paraplyen var til stades var av den enkle og replikklause sorten: Kydland og Prescott sit og arbeider seint på kveld, og så kjem ein reinhaldar og stikk hovudet inn på kontoret.

Vidar Magnussen spelar Kydland, medan tidlegare driftsteknikar ved NHH, Robert Jørgensen, tolkar Prescott. Kristin Sissener har rolla som reinhaldar.

Produksjonsleiar Hilde Holmesland opplyser at økonomiprisfilmane skal vera klare i oktober.

I tillegg til bruk i den vidaregåande skulen vil filmane bli tilgjengelege for ålmenta via ein eigen nettstad.


Kydland og Prescott
Dei verkelege Nobelprisvinnarane. Edward C. Prescott (t.v.) og Finn E. Kydland.
Foto: Arkiv

Makro-pris

Kydland og Prescott fekk økonomiprisen i 2004 for sitt bidrag til dynamisk makroøkonomisk teori: den økonomiske politikkens tidskonsistens og konjunkturens årsaker.


Deira viktige bidrag på desse områda har fått stor innverknad, ikkje berre for makroøkonomisk analyse, men også for praktisk penge- og finanspolitikk i mange land," heiter det i grunngjevinga frå Kungliga Vetenskapsakademien.


Filminnspilling regiinstruks
Eit kontor på Merino var location då delar av Finn E. Kydland og Edward C. Prescott sitt nobelprisvinnande arbeid vart dramatisert til bruk i ein undervisningsfilm. Regissør Bår Tyrmi instruerer hovudrolleinnehavarane.

Filminnspilling, Holst, Tyrmi, Sissener
Kristin Sissener spelar vaskehjelp i filmen om Kydland og Prescott. Øyvind Holst og Bår Tyrmi (delvis skjult) frå Snøball Film testar lys og kameravinklar.

Filminnspilling Magnussen og Jørgensen
Robert Jørgensen (t.h.) spelar 1975-utgåva av Edward C. Prescott. Vidar Magnussen fyller rolla som Finn E. Kydland.

Sluttresultatet

Du kan se den endelige versjonen av filmen om Nobelprisvinnerne Kydland og Prescott her.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive