- Tenk gjennom kva du kan gjere

NHH Symposiet 2009, Kronprins Haakon, Foto: Hallvard Lyssand

- Den store utfordringa for oss som generasjon er å få til berekraftig utvikling, og når vi er på gamleheim vil barnebarna våre spørje kva vi gjorde for å kjempe ned klimakrisa og fattigdomskrisa, sa Kronprins Haakon då han heldt føredrag under opninga av NHH Symposiet 2009 onsdag. Han oppmoda kvar enkelt oml å tenke nøye gjennom kva dei kan gjere.

11.03.2009 - Eva Melvær Langaas


Det var ein sprek kronprins som innleia Nord-Europas største studentdrivne næringslivskonferanse. Kontrastane var store mellom lattervekkande bilete av stive, salsa-dansande nordmenn, og forteljingar om møte med fortvilte menneske i djup fattigdom.

"Ver så snill å gjere alt du kan for å hjelpe menneske som meg. For det er vanskeleg."

Etter å ha overraska publikum med rock frå Rage Against the Machine som opning av foredraget, fortalte Kronprinsen om oppfordringa han hadde fått frå Cedric i Sør-Afrika, ein mann som levde på grensa av kva som er mogleg å overleve. Denne sette rammene for foredraget, som handla om ei verd med store utfordringar, men mest om kva kvar enkelt kan gjere og bidra med.

- Eg fortel denne historia, fordi den inneber to ting, sa Kronprinsen.

- For det første, er det ikkje for seg sjølv Cedric ber om noko. Han ber på vegner av alle verdas fattige. For det andre er det ikkje berre ei oppfordring til meg, men til oss alle.

Tusenårsmål

FN sine tusenårsmål står høgt oppe på prioriteringslista til Kronprins Haakon. I dag fokuserte han mest på fattigdom og urettferdig fordeling og redusering av barnedødeligheit. Med illustrerande bilete og grafar teikna majesteten eit bilete av ei verd med store utfordringar og problem, men også ei verd i framgang. Og håpet var i største grad til stades gjennom heile presentasjonen.

- Desse tusenårsmåla kan framstå som store, fine tal, og litt uverkelege. Men på bakken blir tusenårsmåla konkrete og nyttige, hevda Kronprinsen.

Tusenårsmåla skal etter planen vere realisert i 2015. Det kjem dei ikkje til å vere, i alle fall ikkje fullstendig. Men nokre av dei er på god veg, og presentasjon av korleis fleire afrikanske land har ei mykje raskare utvikling av levestandarden enn Noreg har hatt, gir rom for optimisme. FN sine mål er ein måte å jobbe mot ei betre verd.

Verda er i Noreg

Kronprinsen trekte også fram Global Dignity, eit nettverk som vil fremje verdigheit som ei kjelde til styrke, og kulturell fridom som viktige for ei stabil og berekraftig verd. Og han minna om at vi ikkje treng å reise til utlandet for å møte verda, verda er i Noreg i dag. Noko som kan innebere utfordringar.

- Det er ikkje alltid vi er superfleksible og opne, sa H.K.H, til samtykt latter frå salen.

Dette er noko vi må ta på alvor, for i følgje Kronprinsen er det å handtere kulturelt mangfald i verda ei av dei sentrale utfordringane i dagens samfunn.

Utfordringar

Dei to største utfordringane vi står overfor meiner Kronprinsen er finanskrisa og klimakrisa. Kva verknad finanskrisa har for utviklingslanda er vanskeleg å spå, men enno viktigare er klimautfordringa.

- Klima er føresetnaden for utvikling og å få slutt på fattigdom, sa Kronprinsen, og la til at den store utfordringa for oss som generasjon er å få til berekraftig utvikling.

Kronprinsen oppfordra alle til å tenke nøye gjennom kva kvar enkelt kan gjere, og kva moglegheit vi har til å bidra.

- Når vi er på gamleheim vil barnebarna våre spørje kva vi gjorde for å kjempe ned klimakrisa og fattigdomskrisa, avslutta Kronprinsen, før han gjentok sitatet frå Cedric i Sør-Afrika: "Ver så snill å gjere alt du kan for å hjelpe menneske som meg. For det er vanskeleg."

FN sine Tusenårsmål er åtte konkrete mål for ei betre verd innan 2015. Les mer om Tusenårsmåla og framdrifta i arbeidet hos FN-sambandet

Sjå fleire bilete frå Symposiet-opninga og Kronprinsen sitt føredrag i eiga sak på Paraplyen

NHH Symposiet 2009, Kronprins Haakon, Foto: Hallvard Lyssand
Kronprins Haakon er alt engasjert i arbeid for verdas fattige og realisering av FNs Tusenårsmål. Han oppmoda dei frammøtte under opninga av NHH Symposiet 2009 til å tenka gjennom korleis dei kan bidra til beste for kloden og framtidige generasjonar.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive