Arrangerer CEMS Nordic Forum

Robert Christensen og Sofie Jukelsonová

104 studentar frå 30 land og ei rekkje selskap møtest når CEMS-klubben ved NHH arrangerer Nordic Forum i slutten av mars. Årets tema er "Opportunities for Sustainability during an Economic Downturn." In English

18.03.2009 - Hallvard Lyssand


CEMS Nordic Forum er ein årleg konferanse som vert arrangert av studentar ved dei fire nordiske CEMS-skulane, NHH, Stockholm School of Economics, Copenhagen Business School og Helsinki School of Economics.

Arrangøroppgåva går på rundgang mellom medlemmane i CEMS-klubbane ved dei fire institusjonane. Årets Nordic Forum finn stad ved NHH frå 25. til 28. mars.

- Som namnet indikerar har Nordic Forum vanlegvis vore for studentar ved dei nordiske skulane, men i år har vi invitert studentar frå alle CEMS-skulane, seier Robert Christensen, som er president i CEMS-klubben ved NHH.

I alt er det venta 104 studentar frå 30 ulike land og 13 skular til det fire dagar lange forumet.


Robert Christensen og Sofie Jukelsonová
Robert Christensen og Sofie Jukelsonová.

Bærekraft i nedgangstider

Arrangørane vel eit tema for konferansen og finn samarbeidspartnarar i næringslivet som kan bidra med føredrag, seminar o.l. Årets tema er "Opportunities for Sustainability during an Economic Downturn."

Hovudsamarbeidspartnaren til arrangørane ved NHH er Carbon Challenge Academy (CCA).

CCA tilbyr ulike program som skal hjelpa selskap av alle storleikar til å rusta seg for å møta utfordringar ved klimaendringar.

Med støtte frå CEMS tilbyr dei dessutan ulike program for studentar. Målet er både å auka "klimakompetansen" til den komande generasjonen av bedriftsleiarar og å kopla miljømedvitne verksemder med nokre av dei beste studentane i Europa.

CEMS-klubbpresident Christensen er svært godt nøgd med samarbeidet med CCA.

- Dei har støtta oss på alle måtar og verkeleg gjort ein innsats, seier han.

I tillegg til CCA kjem representantar frå energiselskapa Statkraft, Shell og Vestas for å halda føredrag og seminar om klimautfordringar.

Tid til fritid

Å arrangera ein firedagars konferanse med godt over hundre deltakarar krev planlegging. 16 medlemmer i CEMS-klubben har arbeidd med planlegginga sidan i fjor.

- Dette er eit internasjonalt arrangement i ordets rette forstand, seier Sofie Jukelsonová, som er kommunikasjonsansvarleg for arrangementet ved NHH.

- Fristane er korte og forventningane er høge. Det er utfordrande, men også svært givande ved å gje erfaring som ligg nær opp til arbeidslivet, legg ho til.

Til dømes lærer vi svært mykje gjennom tingingar med sponsorar og deltakande selskap, og organiseringsprosessen er definitivt ein god måte å byggja internasjonale nettverk på, tilføyer Christensen.

- Men dette er ikkje eit reint akademisk arrangement. Det skal vera sosialt også. Vi vil at gjestene våre skal ha det bra under heile opphaldet, og har planlagt ei rekkje aktivitetar i tillegg til det faglege programmet, forsikrar han.



Robert Christensen og Sofie Jukelsonová
Robert Christensen er president i CEMS-klubben ved NHH. Sofie Jukelsonová er kommunikasjonsansvarleg for CEMS Nordic Forum 2009, som vert arrangert ved NHH frå 25. til 28. mars.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive