Premiert for solide case-prestasjonar

Union-caset, vinnarlag

Tidlegare i år fekk studentane på bachelorkurset Strategisk ledelse ei case-oppgåve om den såkalla Union-saka. No er oppgåvene leverte, og dei tre beste løysingane kåra. Premien til vinnargruppene er at dei får presentera konklusjonane sine for representantar frå Norske Skog og Geelmuyden.Kiese.

22.05.2009 - Hallvard Lyssand


Seinsommaren 2005 varsla Norske Skog at papirfabrikken Union i Skien skulle leggjast ned. Bakgrunnen var m.a. at avispapirmarknaden i Europa og Nord Amerika hadde stagnert, at det var overkapasitet i bransjen og at produktprisane gjekk ned medan kostnadane gjekk opp.

Slike avgjerder er sjeldan populære, men få saker har fått så mykje mediemerksemd som Union-saka fekk. Ei av årsakene var at investorane Petter Stordalen, Øystein Stray Spetalen og Ove Gusevik blanda seg inn og ville overta fabrikken. M.a. med hjelp av Geelmuyden.Kiese bidrog dei til at det vart kraftig blest om saka på ei rekkje arenaer.

Sakna norske case

Men var nedlegginga ei korrekt avgjerd? Drøye tre år etter at Union-saka utspelte seg vart dette eit sentralt spørsmål for 3. kulls-studentane på kurset Strategisk ledelse. Dei fekk i oppgåve å analysera tilfellet Union og vurdera avgjerda om å leggja ned fabrikken.

Case-undervisning av denne typen har ikkje vore mykje brukt ved NHH, og definitivt ikkje med norske case.

Initiativet kom i dette tilfellet frå tidlegare NHH-student Johan Ailo Kalstad, som arbeider i Geelmuyden.Kiese. Han sakna case-undervisning då han studerte ved NHH og la fram tanken om å utvikla eit norsk case for professor Kirsten Foss og førsteamanuensis Eric Lofquist og på Institutt for strategi og ledelse.

Dei valde i samarbeid ut Union-saka, forfatta ein tekst og inviterte Ove Gusevik, Hans Geelmuyden og tidlegare Norske Skog-direktør Jan Oksum til å gjesteforelesa om sine syn på Union-nedlegginga. Les meir

Ulike perspektiv

Studentane gjekk saman i grupper og fekk i oppgåve å vurdera nedleggingsavgjerda basert på innsamla data og bruk av analyseverktøy.

Gruppene kunne sjølv velja om dei ville sjå saka frå leiinga, investorane eller skogeigarane sitt perspektiv.

Foss, Lofquist og dokotorgradsstipendiat Christina Roe Steen har gått gjennom oppgåvene til dei ca 100 gruppene, og kåra dei beste løysingane frå kvart av dei tre nemnde perspektiva.

Lofquist konstaterer at kvaliteten generelt er svært høg, og at det var vanskeleg å skilja.

- Det er ein stor andel av A-ar og B-ar, og kvaliteten er like god som på masternivå. Det er litt uventa. Eg hadde trudd dei ville trengt meir tid til å bli vande med undervisingsforma, men dei var flinke med ein gong, seier han.

Presentasjon i premie

Premien til dei tre gruppene som vart vurdert som aller best både i bruk av teori og endeleg anbefaling i høve nedleggingsspørsmålet, er ein tur til Oslo.

Der skal dei presentera løysingane sine for representantar frå Geelmuyden.Kiese og dagens leiing i Norske Skog.

- Dei sistnemnt var ikkje involvert i byrjinga, men då dei såg at vi var nøytrale og balanserte i arbeidet med Union-caset fatta dei interesse, seier Lofquist.

Han understrekar at det - trass i samarbeidet med Geelmuyden.Kiese - heile tida har vore dei ansvarlege ved NHH som har styrt case-utforminga.

- Studentane har dessutan måtta basera arbeidet sitt på langt meir grunnlagsmateriale enn berre det som vart presentert i gjesteforelesingane, poengterer han, og legg til at tilbakemeldingane frå studentane har vore gode.

- Interessant og relevant

Håkon Sæberg er medlem av vinnarlaget som vurderte saka frå skogeigarane sitt perspektiv. Han likte undervisningsforma.

- Caset som var vald er interessant, og det i seg sjølv gjer at det vert gøy å jobba med. Det faktum at det er tale om ei norsk sak bidreg til ytterlegare å understreka relevansen, seier Sæberg.

Union-caset, vinnarlag
Dei tre vinnarlaga samla. Framme frå venstre står "investorperspektivet," Christer Strand, Ole Petter Hansen og Siri Daviknes Sørgard. Vidare kjem "skogeigarperspektivet," Leroy Egbeocha Andesland, Tor Herman Smedsrud og Håkon Sæberg. Bak står "toppleiarperspektivet," Martin Johnsen, Magne Juuhl og Martin Lillethun Johansen. Aller bakerste står førsteamanuensis Eric Lofquist.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive