Virtuell workshop på tvers av alle tidssonar

Roger S. Bivand

Med rett utstyr tilgjengeleg spelar det lita rolle om seminardeltakarane er spreidd over heile kloden. Professor Roger S. Bivand heldt nyleg ein virtuell workshop frå kontoret sitt på NHH med tilhøyrarar frå Auckland til Vancouver.

23.02.2009 - Hallvard Lyssand


Teknologiutviklinga har gjeve omgrepet fjernundervisning nytt innhald. Eit av dei nye skota på stamma er e-seminar. Det er kort fortalt nettbaserte seminar. Med ei datamaskin og ei brukande breibandlinje kan folk sitja kvar dei vil på kloden og følgja undervisning frå eit anna verdshjørne.

- Det er ikkje ulikt ein vanleg videokonferanse, men systemet som vert brukt er langt meir eigna for større grupper, seier professor Roger Bivand ved Institutt for samfunnsøkonomi.

Bivand underviser i økonomisk geografi, og forskar m.a. innan geografisk data-analyse, geografiske informasjonssystem og romleg økonometri.

Nyleg leidde han ein virtuell workshop som ledd i ei pågåande seminarrekke om statistisk behandling av geografiske data i regi av Global GIS Academy.

Invitert inn

Global GIS Academy (GGA) er tilknytt Worldwide Universities Network (WUN) - eit partnarskap mellom 16 universitet i Europa, Nord Amerika, Søraust Asia og Australia. GGA har som mål å bidra til å styrka interessa for forsking og undervisning innan geografisk informasjonsvitskap.

NHH er ikkje WUN-medlem, men Bivand vart invitert til å leia eit e-seminar av professor-kollega og seminarrekke-organisator Dave Unwin.

Seminarrekka har tittelen tittelen Spatial Analysis in R.

"R" er fri programvare utvikla for å behandla statistiske data og å presentera dei grafisk. Bivand koordinerer utvikling av programvare for geografisk data-analyse.

Ei sentral årsak til seminarinvitasjonen er at Bivand nyleg gav ut boka Applied Spatial Data Analysis with R saman med professor Edzer Pebesma frå Westfälische Wilhelms-Universität i Münster og Virgilio Gómez-Rubio frå Departamento de Matemáticas, Escuela de Ingenieros Industriales, Universidad de Castilla-La Mancha.

Også dei to medforfattarane skal i elden som e-seminarleiarar i løpet av februar og mars.


eSeminar, Roger S. Bivand
Professor Roger S. Bivand med alt naudsynt utstyr som skal til for å driva verkeleg fjernundervisning frå kontoret på NHH.

Frå skrivebordet til den store verda

Men korleis går ein eWorkshop for seg i praksis? Bivand forklarar:

- WUN nyttar eit nettkonferanseprogram utvikla av selskapet Marratech. Seminarleiaren må lasta ned sjølve programmet til datamaskina si, og treng elles eit webkamera og eit headset med mikrofon.

På PC fungerer programmet som andre Windows-program. Seminarleiaren har ei "tavle" tilgjengeleg der presentasjonen kan leggjast fram på power point-vis. Samstundes kan det kommuniserast med deltakarane via tastaturet, eller munnleg i tilfelle der det måtte vera ønskeleg.

- Tilhøyrarane kan følgja seminaret ved å kopla seg til WUN sin servar. Kor mange det er plass til er avgrensa av serveren sin kapasitet, men det er sjølvsagt fullt mogeleg å samla grupper av studentar og følgja seminaret på lerret via ei enkelt tilkopling, seier Bivand.

I etterkant av seminaret blir både den skriftlege presentasjonen, eventuelle spørsmålsloggar og video frå seminaret gjort tilgjengeleg for nedlasting frå Global GIS Academy sine nettsider.

Tilpassa tidssonane

Under Bivand sitt seminar var det mellom 30 og 40 deltakarar kopla til. Dei fleste kom frå europeiske land, med det var også deltakarar frå Canada, USA og New Zealand.

For å tilpassa seg flest mogeleg tidsoner går seminara på realtivt faste tidspunkt.

Bivand byrja klokka 18 norsk tid. Då er det alt tidleg morgon neste dag på New Zealand som ligg 12 timar føre Noreg, og passande tidspunkt for både aust- og vestkyst i USA, som ligg seks til ni timar etter.

Ganske enkelt

Bivand slår fast at den tekniske sida ved e-seminar er rimeleg enkel så lenge ein lastar ned og lærer seg programmet litt i forkant.

Det finst likevel nokre utfordringar. Tilhøyrarane sit normalt ikkje for ope kamera eller med mikrofon. Med opp til 60 deltakarar ville slikt berre lagt unødig beslag på bandbredde. Spørsmål o.l. kjem som nemnt skriftleg på chat-vis.

Å halda seminar for deltakarar du ikkje kan sjå eller høyra, kan vera temmeleg uvant.

- Det er viktig å tenka gjennom korleis ein presenterer tinga. Eg måtte tenka gjennom problemstillinga med at tilhøyrarane kunne sjå og høyra meg, men at eg ikkje kunne sjå reaksjonane deira, seier Bivand.

- Seminarleiaren har eit lite vindauge med bilete av seg sjølv på skrivebordet heile tida, og det er t.d. viktig å ikkje bli sitjande å sjå seg sjølv i augo, legg han til.

Les meir om R, WUN og Global GIS Academy


eSeminar, Roger S. Bivand
Virtuell workshop: Eit headset med mikrofon, ein PC med rett programvare og webkamera og eit klokkeslett som passa for alle delar av kloden var det NHH-professor Roger S. Bivand trong for å halda seminar for tilhøyrarar frå New Zealand til den canadiske vestkysten.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive