Tilfellet Union

Union-caset

Om ein utelukkande baserer seg på teori kan ein risikera å ikkje sjå skogen for berre trær. For å få kopla teori og praksis nærare har bachelorstudentane på kurset Strategisk ledelse på 3. kull fått ein visitt frå verkelegheita i form av eit vaskeekte norsk business case, komplett med partsinnlegg frå sentrale aktørar.

19.02.2009 - Hallvard Lyssand


I 2005 - temmeleg nøyaktig 100 år etter at unionen mellom Noreg og Sverige vart oppløyst - kom ein annan unionsoppløysingsprosess i fokus. På seinsommaren det året varsla Norske Skog at bok- og avispapirfabrikken Union i Skien skulle leggjast ned.

Bakgrunnen var m.a. at avispapirmarknaden i Europa og Nord Amerika hadde stagnert, at det var overkapasitet i bransjen og at produktprisane gjekk ned medan produksjonskostnadane gjekk opp.

Grunngjevinga for å leggja ned nettopp Union var m.a. at det var ein relativt liten fabrikk utan utbyggingsmogelegheiter som på toppen av det heile låg i eit høgkostland.

Union-Caset, Johan Ailo Kalstad
Johan Ailo Kalstad.
Foto: Geelmuyden.Kiese

Sakna verkelege saker

Men var nedlegginga ei korrekt avgjerd? Drøye tre år etter at Union-saka utspelte seg er det eit sentralt spørsmål for 3. kulls-studentane på kurset Strategisk ledelse. Dei har fått i oppgåve å analysera tilfellet Union og vurdera avgjerda om å leggja ned fabrikken.

Denne typen case-basert undervisning er ifølgje dei involverte lite brukt på bachelornivå på NHH, og definitivt ikkje med heilnorske case.

Initiativet kom i dette tilfellet frå tidlegare NHH-student Johan Ailo Kalstad, som arbeider i Geelmuyden.Kiese. Han stifta først direkte kjennskap med case-basert undervisning under studiar i Japan. I møte med arbeidslivet fekk han stadfesta at ei nærare kopling av teori og faktiske problemstillingar henta frå næringslivet ville ha vore nyttig i studiane.

- Då eg byrja i G.K i 2007 fekk eg stadig oppdrag som fekk meg til å tenka "hadde eg visst dette då eg studerte ville eg hatt større utbyte av undervisninga", seier Kalstad.

Han la etterkvart fram tanken om å utvikla eit norsk case for førsteamanuensis Eric Lofquist og professor Kirsten Foss på Institutt for strategi og ledelse. Dei valde ei sak i fellesskap, og Geelmuyden.Kiese forfatta ein tekst etter modell av eit Harvard Business Case.

Union-teksten er basert på både skriftlege kjelder og intervju med sentrale aktørar på ulike sider i kontroversen.

Må bruka analyseverktøy

- Studentane treng meir enn berre kvantitativ analyse. Dette er eit ekte case med relevant innhald. Dei har fått ulike verktøy som dei må bruka til å analysera Union-saka og vurdera kva som var rett og galt i leiinga si handtering, seier Lofquist.

Han understrekar at det ikkje er tilstrekkelig for studentane å nytta case-teksten. Dei må også samla inn eigne data for å få sett saka frå fleire sider og få balanse.


Union-caset, Ove Gusevik
Rasjonell kapitalisme: Ove Gusevik prøvde saman med Petter Stordalen og Øystein Stray Spetalen å kjøpa papirfabrikken Union frå Norske Skog i 2005, men fekk avslag.

Balanserande besøk

Eit sentralt poeng som ytterlegare styrkjer behovet for balanserande framstillingar er at Geelmuyden.Kiese var hyra av herrane bak Grenlandsløysinga for å bidra med kommunikasjonsråd i samband med Union-saka.

Som del av caset har studentane hatt besøk av gjesteførelesarar frå to ulike sider av Union-bataljen.

Sist veke fortalde Ove Gusevik om kva vurderingar som fekk han og medinvestorane til å villa kjøpa og driva Union, og kva dei meinte var galt med Norske Skog sine bedriftsøkonomiske vurderingar i høve til nedlegginga.

Hans Geelmuyden følgde opp med å snakka om strategisk kommunikasjon som maktmiddel, om dei mange arenaene Union-saka utspelte seg på, og kva Norske Skog-leiinga etter hans vurdering gjorde galt då saka eksploderte i media med om lag 3700 oppslag på 14 seinsommardagar.

Tysdag kom Jan Oksum, som var konsernleiar i Norske Skog på det aktuelle tidspunktet, og fortalde om selskapet sine vurderingar og kva faktorar som førte fram til avgjerda om å leggja ned Union.


Union-caset, Hans Geelmuyden
Pulp Fiction: Hans Geelmuyden assisterte Grenlandsløsningen i deira strategiske kommunikasjonsarbeid i Union-saka. Saka fekk massiv mediemerksemd, men fabrikken vart like fullt lagt ned.

To ulike planetar

Ikkje overraskande fekk tilhøyrarane presentert to høgst ulike sider av saka i til dels spissformulerte førelesningar.

Gusevik og Geelmuyden hevda at Norske Skog-leiinga feilvurderte på dei fleste område og mangla både forretnings- og kommunikasjonsmessige strategiar.

Oksum repliserte at Union-avgjerda var basert på grundige og langsiktige vurderingar av situasjonen i den globale papirmarknaden og for heile Norske Skog si særdeles internasjonale verksemd.

- Grenlandsløsningen og store delar av media gjorde dette til ei lokal, norsk sak. Men Norske Skog, som har fabrikkar i ei rekkje verdsdelar og sel 97 prosent av produksjonen til utlandet, måtte ha ein vidare horisont, sa Oksum.

Han slo fast at nedlegginga var ei tung avgjerd, men at ho var forretningsmessig riktig for konsernet. Han understreka vidare at utviklinga i lokalmiljøet har gått langt betre enn pessimistane hevda før nedlegginga.

Eks-konsernsjefen understreka også at Norske Skog hadde førebudd ein kommunikasjonsstrategi, men at dei ikkje hadde venta den massive merksemda saka fekk.

- Vi hadde definitivt ikkje tatt høgde for at sjølv biskopen i Agder skulle blanda seg inn, konstaterte Oksum.


Union-caset, Eric Lofquist og Jan Oksum
Balanse: Tidlegare konsernsjef i Norske Skog Jan Oksum (t.h.) vitja NHH tysdag og presenterte konsern-leiinga sine vurderingar i forkant av nedlegginga. Førsteamanuensis Eric A. Lofquist ved SOL har inntrykk av at studentane har solid utbyte av å analysera eit heilt konkret business-case.

God respons

Stikkprøvar blant studentane etter gjesteførelesningane gav gode tilbakemeldingar om eit matnyttig og interessant opplegg.

Eric Lofquist har også inntrykk av at studentane liker undervisningsforma.

- Responsen frå studentane har så langt vore veldig positiv. Dei er framleis tilbakehaldne sidan denne typen tilnærming og verktøy er nytt for dei, men eg kan alt sjå at dei byrjar å bli komfortable med det faktum at slik analyse har mange sider, og i realiteten er temmeleg kompleks og dynamisk, seier han.

- Strategi er kunsten å integrera alle dei kvalitative og kvantitative verktøya som er tilgjengelege for ein leiar under ulike tilhøve, og det er nøyaktig det vi håpar studentane vil læra gjennom denne øvinga. Denne typen tilnærming har stort potensial sidan studentane må bruka teori på verkelege hendingar og ta konkrete avgjerder. Dette er nøyaktig den kompetansen vi ønskjer at våre framtidige leiarar skal ta med seg ut i business-verda, sluttar Lofquist.



Geelmuyden-gulrot

Studentgruppene får også ei ekstra gulrot i det vidare case-arbeidet. Gruppa som leverer den beste løysinga av caset vert invitert til Oslo for å vitja Geelmuyden.Kiese og presentera løysinga si. I tillegg vert det middag med nokre av partnarane i selskapet.

Union-caset, Ove Gusevik
Ove Gusevik og medinvestorane i Grenlandsløsningen ville kjøpa Union-fabrikken frå Norske Skog og driva vidare, men Norske Skog ville heller leggja ned. Gusevik meiner dette kapitalistisk sett var irrasjonell oppførsel, og at den verkelege årsaka til Union-nedlegginga var maktpolitisk kamp innad i Norsk Skogeierforening, ikkje bedriftsøkonomiske vurderingar.

Union-caset, Hans Geelmuyden
Hans Geelmuyden og Geelmuyden.Kiese hjalp Grenlandsløsningen med kommunikasjonsstrategien i samband med Unionsaka. Han meiner leiinga i Norske Skog hadde ein dårleg strategi og var taktisk uførebudd då nedleggingssaka nærast eksploderte i media, opinion og på politisk nivå seinsommaren 2005.

Union-caset, Eric Lofquist og Jan Oksum
Tidlegare konsernsjef i Norske Skog Jan Oksum (t.h.) hevda at nedleggingsavgjerda var basert på grundige vurderingar av marknadssituasjonen og heile Norske Skog si globale verksemd, men at korkje politikarar eller medier var særleg interesserte i å lytta og verkeleg prøva å forstå selskapet sine argument. Førsteamanuensis Eric A. Lofquist ved SOL har inntrykk av at studentane har solid utbyte av å analysera eit heilt konkret business-case.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive