Nett-comeback for interntelefon-katalogen

Etter eit drøyt års fråvær er det igjen mogeleg å søka i NHH sin interntelefon-katalog på nett.

16.02.2009 - Hallvard Lyssand


I desember 2007 gjekk NHH over frå Mac- til Windows-baserte vevtenarar. Ein uønskt bieffekt av plattformbytet var at interntelefon-databasen vart "borte" av di tenesta ikkje var direkte overførbar mellom dei ulike plattformane. Sidan har det ikkje vore mogeleg å søka i interntelefon-katalogen.

Men no har tenesta gjort comeback på ny plattform takk vere Terje Berger ved Administrativ og teknisk driftsavdeling.

- Den siste papirversjonen av interntelefonkatalogen er frå 2005, så den nettbaserte søketenesta har vore etterspurt, fastslår Berger.

Internkatalogen er søkbar på namn (både fullt namn og for- og etternamn), intern-nummer (både fem siste og tre siste siffer), institutt/avdeling og rom/kontor.

Katalogen er å finna i høgre marg på framsida til Paraplyen eller på sidene til Administrativ og teknisk driftsavdeling på nhh.no.

- Den nye løysinga hentar informasjon direkte frå telefonsystemet sin database, og sikrar derfor at informasjon er mest mogeleg riktig. For at telefonsystemet til ei kvar tid skal ha riktig informasjon, må tilsette melda eventuelle endringar til telefonsentralbordet ved Vivi Berdal, opplyser Berger.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive