Lærerik kartlegging

IB-representantar, Ann Elida Eide og Ragnhild Eriksen Heen.

- Det har gått nokre arbeidstimar, men det har vore spennande og lærerikt, konkluderer Ann Elida Eide og Ragnhild Eriksen Heen. Som to av NHH sine IB-representantar har dei vore med på å kartleggja marknadsmogelegheiter for norske verksemder i Malaysia.

12.02.2009 - Hallvard Lyssand


Internasjonal Business (IB) er eit non profit samarbeidsprosjekt mellom Innovasjon Norge, NHH, NTNU og BI. Kvart år får ei gruppe studentar frå deltakarskulane i oppdrag å kartleggja marknadsmogelegheiter for norske verksemder i utviklingsland med marknader i vekst.

Målet er både å bidra til utvikling av norsk næringsliv på eit internasjonalt plan og å gje studentar og verksemder høve til å skaffa seg kunnskap og erfaring.

Bygd frå grunnen

Studentane Ann Elida Eide, Ragnhild Eriksen Heen og Pål-Vemund Vermedal er IB-representantar frå NHH i 2008/2009. Saman med kollegaene frå NTNU og BI fekk dei i oppdrag å kartleggja marknadsmogelegheiter i Malaysia med spesielt fokus på olje- og gass-sektoren, akvakultur og shipping.

Dei har arbeidd med prosjektet i vel eitt år og har bygd det opp frå grunnen. Det meste har pågått i Noreg, men nyleg kom deltakarane heim frå eit tre veker langt opphald i Malaysia. Der har dei m.a. vore i kontakt med relevante offentlege institusjonar og med næringslivet - både lokale verksemder og nokre av dei vel 50 norske bedriftene som alt er etablert i landet.

- Vi snakka mykje med dei norske bedriftene som alt er i Malaysia om kva som må til for å etablera seg der. Jotun har til dømes vore i landet i 30 år, og dei delte gjerne sine erfaringar, fortel Heen.

- Det har vore spennande, og vi har lært mykje. Vi arbeider no med sluttrapporten, som skal presenterast på Bergen Næringsråd sin internasjonale dag 24. mars. Rapporten vert også gjort tilgjengeleg via Innovasjon Norge, fortel Eide, og legg til at det er moro å få bidra med kunnskapen dei har tileigna seg.

Vekstambisjonar

IB-representantar Ann Elida Eide og Ragnhild Eriksen Heen
Ann Elida Eide (t.v.) og Ragnhild Eriksen Heen har vore blant NHH sine representantar i samarbeidsprosjektet International Business det siste året.

Kartleggingskonklusjonane er ikkje klare enno, men Eide og Heen røper nokre erfaringar frå sektorane dei har sett spesielt på.

Innan olje- og gass-sektoren må t.d. selskap som vil etablera seg i Malaysia rekna med å gå gjennom giganten Petronas for å få lisens. Akvakultur er i ferd med å bli eit satsingsområde for malaysiske styresmakter, og ein par store norske aktørar er alt på veg inn. Når det gjeld shipping har Malaysia ambisjonar om å koma på høgde med Singapore, men førebels er det eit stykke att.

Reint generelt er IB-representantane si erfaring at business-kulturen er ein annan, og at ein del prosessar dermed går tregare enn ein er vand med. Som andre stader er gode relasjonar eit viktig suksesskriterium. Blant føremonene i Malaysia er at mange snakkar engelsk, at infrastrukturen er god og at ein når resten av Søraust-Asia fort.

- Malaysia har ambisjonar om å koma opp på nivå med Singapore. Det tyder at dei satsar, og er positive til selskap som vil etablera seg, seier Heen.



I tillegg til det generelle arbeidet har IB-studentane utført konkrete konsulentoppdrag for verksemdene Wilh. Wilhelmsen og Technocean. Selskapa vil få eigne rapportar.

- Desse oppdraga har finansiert store delar av prosjektet vårt, og det er spennande å arbeida med heilt konkrete og reelle ting som blir brukt, seier Eide.

Rekrutterer nye

I tillegg til å skulla avslutta sitt eige prosjekt skal IB-representantane rekruttera etterfølgjarane sine.

- IB bør vera interessant for alle som ønskjer seg internasjonal erfaring og å oppleva spennande land, og som samstundes er klare til å arbeida hardt, seier Heen.

- Det grå definitivt nokre arbeidstimar både med å finna sponsorar og det reint faglege, men det er spennande og lærerikt, supplerer Eide.

International Business har plass til fire NHH studentar. Interesserte kandidatar må senda eit motivasjonsbrev på engelsk og cv. Søknadsfristen er 1. mars. Kva land som er aktuelt for neste kull å kartleggja er ikkje klart, men det blir kjent før søknadsfristen.

Les meir på ib.no og søk på e-post nhh09@ib.no

IB-representantar Ann Elida Eide og Ragnhild Eriksen Heen
NHH-studentane Ann Elida Eide (t.v.) og Ragnhild Eriksen Heen har brukt eit år på å kartleggja marknadsmogelegheiter for norske verksemder i Malaysia i samarbeid med Innovasjon Norge og studentar frå NTNU og BI. No skal dei rekruttera neste kull International Business-representantar frå NHH.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive