Det nye Cuba

Johannes Nymark

Vi likar ikkje å innsjå det i vår del av verda, men faktum er at Cuba heilt frå 1959 har vore ei inspirasjonskjelde for Latin-Amerika, ikkje berre for venstresida, men også eit stykke inn på den mest «siviliserte» delen av høgresida, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark ved NHH i ein kronikk i Dagbladet 9. februar.

10.02.2009 - Johannes Nymark


«Utan den leksjonen i fastleik, mot, vørdnad og motstandskraft som det kubanske folket har vist, ville vi ikkje ha fått dei epokegjerande endringane som vi i dag ser i Latin-Amerika.» Slik stod det å lesa i den helsinga som regjeringa i Venezuela sende til sine regjeringskollegaer på Cuba i høve 50-årsmarkeringa for den kubanske revolusjonen 1. januar i år.

Vi likar ikkje å innsjå det i vår del av verda, men faktum er at Cuba heilt frå 1959 har vore ei inspirasjonskjelde for Latin-Amerika, ikkje berre for venstresida, men også eit stykke inn på den mest «siviliserte» delen av høgresida. Tilmed ein såpass konservativ politikar som den meksikanske presidenten, Felipe Calderón, tar avstand frå den handelsblokaden som USA sidan 1962 har praktisert overfor Cuba. Saman med eit koppel av latinamerikanske statssjefar oppmodar han presidenten i USA, Barack Obama, om å heva denne blokaden.

Politiske observatørar i Latin-Amerika har peika på det naturstridige i at Cuba i 50 år skulle overleva som sosialistisk stat, berre 14-15 mil frå verdsimperiet USA. Den argentinske sosiologen Atilio Borón hevdar at eit land som Argentina ganske enkelt ville ha gått i sosial oppløysing dersom landet i eitt einaste år hadde levd med dei tilmålte mengdene av basisvarer og -tenester som Cuba har måtta finna seg i tiår etter tiår.

Ifølgje konservative utrekningar har USA sin blokade av den sosialistiske øystaten kosta Cuba rundt rekna 93 milliardar US-dollar, eit tal som er det dobbelte av Cuba sitt BNP. I tillegg kjem konsekvensar som ikkje kan målast i tal, men som er merkbare for det kubanske folket i form av liding og død.

Då Sovjetunionen gjekk i oppløysing rundt 1990, var det mange som spådde ein snarleg død for den kubanske revolusjonen, men denne har synt seg overraskande robust i møtet med nye og omfattande økonomiske endringar.

I dag står Cuba andsynes utfordringar som mellom anna skuldast endringar i den internasjonale økonomien - heilt frå nyliberalismens herjingar til dagens finanskrise - og nye sosiale strukturar som har dukka opp nasjonalt på Cuba etter at ein i 1990-åra tok til å satsa massivt på turismen.

Dei seinaste åra har USA sine militære engasjement, spesielt i Afghanistan og Iran, gjort at Latin-Amerika har kunna utvikla nye politiske og økonomiske relasjonar utan at stormakta i nord har intervenert like aktivt som i tidlegare epokar. For Cuba sin del har dette ført til mykje tettare band - både politisk og økonomisk - til andre latinamerikanske land, i første rekkje Brasil, Mexico og Venezuela. Dette sistnemnde landet forsyner no Cuba med 90.000 fat olje per dag, om lag det same som Sovjet gjorde på det meste under den kalde krigen.

Det tok ikkje lang tid frå Cuba opna økonomien for utanlandske investeringar til hundrevis av japanske, britiske, franske, tyske, italienske, latinamerikanske og andre selskap engasjerte seg på Cuba, i alt frå elektronikk, bank og energi til matvarer og turisme. Helms-Burton-lova, som USA vedtok i 1996, skulle hindra utanlandske selskap i å investera på Cuba, men fekk størst konsekvensar for USA sjølv. Komikken var til å ta og føla på då ei rekkje USA-baserte selskap, med Coca-Cola i spissen, gjekk offentleg ut og freista pressa styresmaktene i USA til å trekkja tilbake lova, slik at dei sjølve kunne vera med og investera på øya.

Det kolossale oppsvinget ein har sett i internasjonal turisme til den karibiske øystaten, har ikkje berre ført til tilgang på utanlandsk valuta, men ligg òg til grunn for somme av dei sosiale og økonomiske problema ein i dag slit med. Turistindustrien førte med seg at ein på Cuba fekk eit system med to pengeeiningar, først US-dollar i tillegg til pesoen, og i 2004 blei dollar erstatta med konvertibel peso. I nasjonal peso får ein utbetalt løn og med denne pesoen får ein kjøpt basisvarer.

Ein kubanar som vil ha meir enn det ein har rett på med nasjonal peso, må få tak i konvertibel peso, og det gjer ein på turiststader - til dømes hotell - eller på svartebørs. Og det ein kjøper i konvertibel peso, må ein gjerne betala internasjonale prisar for. Ein melon kostar til dømes det same i Havanna som i Miami.

Dei sosiale følgjene av dette pengesystemet er alvorlege og vil på lang sikt kunna reversera mykje av det positive kubanarane har oppnådd innan helse, utdanning, trygd og husvære. Ein kubansk lege eller universitetslærar tener i dag rundt ein tredel eller mindre av det ein taxisjåfør eller ein vanleg hotellarbeidar tener. Å komma i kontakt med turistnæringa blir såleis alfa og omega for kubanarar som ønskjer noko meir enn det spartansk tilmålte for seg og sine. Resultatet er korrupsjon og muting i økonomiske saker, og prostitusjon i nært samband med turismen. Dessutan blir høgt utdanna personar freista til å gå over i andre jobbar, for sjølv om dei ikkje direkte svelter, ønskjer dei ofte meir enn berre det aller mest naudsynlege. Spesielt er dette tilfellet i yngre generasjonar.

Då eg sjølv var på ein vitskapleg konferanse om regionale og sosiale studiar på Cuba i fjor, fekk eg eit klart inntrykk av at kubanarane er genuint opptekne av å få kontroll over dei sosiale og økonomiske utvokstrane som turismen og dei to pengeeiningane har ført med seg. Når høgt utdanna personar forlèt jobbane sine til fordel for meir lukrativt arbeid, går det ut over utdanningssystemet. Og det skaper misnøye når ei gruppe «parasittar» nyt godt av fellesgoda som staten gir innbyggjarane samstundes som dei skor seg på tenester dei tilbyr i samband med turistindustrien. At gratistenestene frå staten må reduserast, blir klart for stadig fleire etter som utgiftene aukar meir enn inntektene. Mange heller til den oppfatninga at det staten tilbyr gratis på Cuba, bør reduserast til område som utdanning, helse, sosialvesen og tryggleik.

Det politiske eittpartisystemet på Cuba har sidan 1993 tillete direkte val til nasjonalforsamlinga, frå ei liste lagt fram av Kommunistpartiet. Ein kan velja ein eller fleire - eller eventuelt ingen - frå denne lista, og i tida før valet gjer regjeringa det ho kan for at ein vel å røysta på heile lista samla. Som i andre eittpartiland, gir ikkje valordninga nokon som helst indikasjon på kva støtte partiet har i folket. Somme har karakterisert endringane på Cuba som perestrojka utan glasnost - økonomiske reformer og økonomisk opning utan tilsvarande politisk opning.

Alt dette er element ein for tida diskuterer i eit Latin-Amerika der Cuba tener som inspirasjon spesielt på dei tidlegare omtala sosiale områda. Medan ein her til lands stort sett følgjer lobbyen med eksilkubanarar i Florida og ventar på endringar i vestleg retning så snart Fidel Castro døyr, er Cuba sjølv godt i gang med endringar som somme jamfører med Kina eller Vietnam, men som mest av alt er ei tilnærming til dei venstreorienterte regjeringane som har vunne igjennom i Latin-Amerika det seinaste tiåret.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive