Samfunnsvitskapeleg storkonferanse

World Social Science Forum

Kan vitskapen redda oss? Dette er eitt av dei overordna spørsmåla når forskarar frå ei rekkje ulike samfunnsfag møtest til konferansen World Social Science Forum i Bergen 10.-12. mai. Blant deltakarane er nobelprisvinnarane Amartya Sen og Rajendra K. Pachauri.

22.04.2009 - Hallvard Lyssand


World Social Science Forum (WSSF) er ein nyoppretta konferanse i regi av UNESCO-organisasjonen International Social Science Council (ISSC), der professor Gudmund Hernes er president.

Målet med WSSF er å etablera ein global, tverrfagleg konferanse der statsvitarar, sosiologar, økonomar, humanistar, psykologar og andre som driv med samfunnsfag i vid tyding kan møtast til dialog, debatt, idéutveksling og forskingssamarbeid på tvers av disiplinar.

Første vertskapsby

Den aller første WSSF-verten vert altså Bergen, og 10. til 12. mai er om lag tusen forskarar frå heile verda venta til byen. Rokkansenteret og UiB er medarrangørar.

Også NHH bidreg både økonomisk, organisatorisk og fagleg til arrangementet.

Professor Kjetil Bjorvatn frå Institutt for samfunnsøkonomi har ansvaret for tre økonomirelaterte sesjonar i samarbeid med professor Kalle Moene frå UiO.

- Dette er ein stor, internasjonal konferanse med store namn og med tema som bør appellera til mange - også NHH-forskarar og studentar, seier Bjorvatn.

One Planet - Worlds Apart?

Konferansen har fått tittelen One Planet - Worlds Apart?

Det tematiske sentrumet er nokre paradoksale faktum: Teknologiske, økonomiske, politiske og kulturelle globaliseringsprosessar har på mange måtar gjort verda mindre og likare. Likevel er avstandar og ulikskapar på område som velstand, helse og utdanning osb. framleis enorme, og på mange område aukar skeivfordelinga.

I realiteten står utfordringar knytt til fattigdom, klimaendringar, folketalsvekst, mat- og energitilgang og demokratisering i kø. Men kan vitskapane redda oss?

Dette er eitt av dei sentrale spørsmåla for konferansen, og det ambisiøse målet er å peika på korleis tverrfagleg samfunnsforsking kan bidra til å finna løysingar på dei globale utfordringane.

Samstundes vil ein retta blikket mot eiga verksemd og sjå nærare på korleis samfunnsvitskapane sjølve vert påverka av endringane i verda.

Nobelprisvinnarar og politikarar

For å freista å kasta lys over desse spørsmåla frå ulike hald er det sett opp eit fyldig program med ei rekkje sesjonar.

Blant dei aller mest prominente gjestene er nobelprisvinnar i økonomi i 1998, Amartya Sen og IPCC-leiar Rajendra K. Pachauri, som fekk fredsprisen i 2007 saman med Al Gore.

Ein tredje "keynote-speaker" er sosiologen Jon Elster.

WSSF er primært ein akademisk konferanse, men det er også ei målsetjing å vera ein møteplass for sentrale politikarar og administratorar.

Utanriksminister Jonas Gahr Støre er t.d. invitert for å halda innlegg om kva samfunnsvitskapane kan bidra med for dei som utformer og driv praktisk politikk.


Kjetil Bjorvatn
Kjetil Bjorvatn.
Foto: Arkiv

Om Tanzania-prosjekt og måling av ulikskap

Forskarar frå NHH bidreg også fagleg på konferansen.

Nemnde Bjorvatn skal halda innlegg om forskingsprosjektet på effekten av økonomiundervisning for mikrokredittklientar, som han har sett i verk saman med NHH-professor Bertil Tungodden og samarbeidspartnarar i Tanzania.

Les meir om prosjektet i sak frå NHH Bulletin

Bjorvatn sitt innlegg ber tittelen The productive poor: Teaching entrepreneurship in Tanzania, og er ein del av sesjonen Development from below.




Ingvild Almås
Ingvild Almås.
Foto: Kristian T. Marthinsen/Arkiv

Postdok Ingvild Almås frå Institutt for samfunnsøkonomi bidreg under sesjonen Worlds apart: Divergence or convergence of income?

Hennar innlegg ber tittelen Measuring international income inequality by food consumption.

Les meir om WSSF på konferansen sine heimesider

Sidan NHH er blant institusjonane som bidreg til finansieringa av konferansen kan NHH-studentar delta til redusert pris.

Interesserte kan kontakta Hilde Kjersland ved Rokkansenteret.

World Social Science Forum
Konferanse i regi av ISSC, Rokkansenteret og UiB

Dato: 10.-12. mai 2009
Stad: Grieghallen/UiB, Bergen



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive