- Tøffe tider for einspora liberalistar

Kristin Halvorsen (foto: Helge Skodvin)

Finansminister Kristin Halvorsen snakka om konjunkturar og kriser, og kvifor den nordiske velferdsmodellen er den beste måten i verda å organisere samfunnet på, under årets Lehmkuhlforelesing. In English

24.09.2008 - Eva Melvær Langaas


Det var ein opplagt minister som vitja NHH, og ein fullsett Aula følgde godt med på kva SV-politikaren hadde å seie om den økonomiske situasjonen. Fleire gonger hausta ho latter, og snakka seg rett som det var bort frå manus.

Norsk tryggleik

Statsråden snakka om forskjellane mellom den nordiske modellen og USA, og var oppteken av konsekvensane for menneska. Ho hevda at ein av dei viktigaste grunnane til at den norske økonomien går så godt er tryggleiken vi har som borgarar, som mogleggjer store omstillingar.

I motsetnad til i USA er ikkje denne tryggleiken knytt til eit forsikringsselskap eller arbeidsplassen, noko som også gjer oss mindre sårbare i høve til den typen kriser vi nettopp har sett i finansverda.

- Det er tøffe tider for einspora liberalistar, og då ser eg strengt utover forsamlinga, smilte Halvorsen og argumenterte mot privatisering av velferdstenester.

Kristin Halvorsen
SLØSING. - Det største sløseriet eit samfunn kan begå er arbeidsløyse, sa Kristin Halvorsen i si Lehmkuhlforelesning.
Foto: Helge Skodvin

Arbeidssløseri

Sjølv om statsbudsjettet er strengt hemmeleg til det skal leggast fram 7. oktober, antyda ministeren at det kan bli meir pengebruk frå staten framover, for å dempe effekten av konjunkturnedgangen. Det viktigaste målet er å halde folk i arbeid.

- Det største sløseriet eit samfunn kan begå er arbeidsløyse, sa Halvorsen.

Ho kunne og berolige alle som frykta at Noreg vil tape store summar av oljepengane i finanskrisa.

- Vi har ikkje tapt noko som helst, fordi vi ikkje skal selje, trøysta ho.
- Før vi investerte har vi sett på aksjemarknaden dei siste 100 åra, og kvar gong det har vore ein "liten dupp" har marknaden tatt seg opp att etterpå. Vi har ikkje eit to-årsperspektiv på dette.

Godt signal

Bergen sin eigen finansminister, finansbyråd og permittert NHH-tilsett Christine Meyer, syns Kristin Halvorsen leverte eit godt foredrag.

- Ho er ein god foredragshaldar, som brukar manus på ein interessant måte, og er godt førebudd. Samstundes skal ein jo vere klar over at ho er ein politikar, seier Meyer, som ikkje var einig i alt ministeren hadde å melde. Spesielt i høve til uføreproblematikken, og behovet for statleg eigarskap av bedrifter var Meyer ueinig.

Men ho var nøgd med at Halvorsen vitjar NHH og Bergen.
- Det gir eit godt signal at ho kjem hit, både no og 9. oktober. Eg trur det er med på å forankre NHH sin posisjon som leiande økonomisk institusjon, avsluttar Meyer.


Jan I. Haaland og Kristin Halvorsen
HAALAND OG HALVORSEN. Rektor Jan I. Haaland og finansminister Kristin Halvorsen før Lehmkuhlforelesinga 2008.
Foto: Helge Skodvin
Publikum
PUBLIKUM. Finansministeren rosa dei frammøtte for å vere eit særs veloppdragent publikum.
Foto: Helge Skodvin
Kristin Halvorsen
LANGSIKTIG INVESTOR. Finansministeren påpeika at oljefondet førebels ikkje har tapt ei krone på finanskrisa. - Vi har ikkje eit to-årsperspektiv, sa ho.
Foto: Helge Skodvin
Kommentér:

Har du kommentarar til
Kristin Halvorsen si
Lehmkuhlforelesing?


Tråd Sender Siste innlegg




Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive