KlarSikt til Kjernestyret

Fredag 10. oktober vart det gjort klart at blokka KlarSikt vann kampen om Kjernestyret i NHHS. Dei stakk av med sigeren foran De 7 fjell med ca. 66 prosent av stemmene. Paraplyen tok i høve denne anledninga seg ein prat med leiaren, Hege Grøndahl.

21.10.2008 - Paul Røren


Hege Grøndahl
PÅTRÅPPANDE LEIAR. Hege Grøndahl (22) overtek roret i NHHS i januar. Ho var og med som skodespelar i UKErevyen i vår.
Foto: Stål Ulvin Garberg

Gratulerer med valsigeren. Dykk må vere særs fornøgde?
- Ja, vi er sjølvfølgjeleg kjempefornøgde. Vi er veldig glade for tilliten vi har fått frå studentane, seier Grøndahl.

Kva trur du var hovudårsaka til at dykk fekk fleirtalet av stemmene?
- Det er veldig vanskeleg for meg å seie. Vi prøvde å vere klare i bodskapen vår og få fram dei sakene vi ville kjempe for, forklarar den 22 år gamle studenten.

Er dykk i KlarSikt forskjellige ifrå dei som var i Kjernestyret før dykk?
- Det er vi nok. Vi håpar at erfaringane våre frå korleis dei har gjort ting kan hjelpe oss med å forbetre framtidige handlingar. Vi ynskjer både å ta vare på det positive som har vorte gjort og prøve å sjå saker i nytt lys.

Kva har dykk å lære ifrå dei?
- Generelt tykkjer eg at eg dei har gjort ein særs god jobb, spesielt med tanke på openheit til studentane. Dette er noko vi gjerne vil forsøke å bevare.

Eit av dei store måla dykkar er å kome nærmare sentrumsmiljøet. Tenkjer dykk då hovudsakleg på studentane ved UiB og HiB?
- Vi vil ikkje ekskludere nokon. Det er eigentleg samlege studentar utanfor NHH vi tenkjer på, men fleirtalet av dei studentane høyrer til på UiB og HiB.

Korleis vil dykk få til dette?
- Vi arbeidar for å finne ut ulike metodar, men vi ønskjer å ha ein felles møtestad mellom NHH- og sentrumsstudentane. Backline og Bergen Realistforeining har allereie tatt initiativ til dette ved å arrangere konsert på Garage, for å bringe kultur og studentar saman

Er studentane ved NHH for mykje her ute og for lite i sentrum?
- Generelt har vi eit så bra studentmiljø her på skulen at vi gjerne held oss her. Sjølv om vi så klart har eit forbetringspotensiale vil ikkje eg seie at vi er for mykje på NHH, men heller at vi kanskje er for lite i sentrum.

Har mange feil inntrykk av studentane og kulturen på NHH?
- Det er jo det man høyrer. I det store og det heile er det vel kanskje mykje fleip om det, som eg trur kan byggje på fordommar. Viss vi kan sørgje for at andre får eit anna inntrykk av oss, og omvendt, vil det vere positivt.

Kva andre saker vil dykk kjempe for?
- Eg kan nemne at vi blant anna ynskjer å skaffe studentane oversikt over kompetansen ved NHHS. Det er langt frå alle som veit kor dei kan få tak i den hjelpa dei treng. Viss vi kan få til dette kan det sørgje for at ressursane vert utnytta på ein betre måte, konkluderar 3. kullstudenten.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive