Direktørane fyller 45 år

Harald Hornes Øyen (foto: Knut André Karlstad)

Dei to siste vekene har studentane i Direksjonsmusikken ete, sove og budd i Aulaen. Til helga fyller dei 45 år, og feirar med mellom anna jubileumsrevy og gallakonsert.

23.10.2008 - Eva Melvær Langaas


- No er vi i innspurten, og ting startar å falle på plass, seier Jubileumsdirektør Harald Hornes Øyen.
- Det som gjenstår no er dei berømte prikkane over dei berømte i-ane, seier sjefen for det tredje NHHS-jubileet så langt i haust.

Ola H. Grytten
FEIRAR JUBILEET. Ola H. Grytten har allereie sikra seg billett til jubileumsrevyen, og feira med å halde forelesing i Dirmus-uniform onsdag.
Foto: Kristian Tindeland Marthinsen

Bur i Aulaen

Planlegginga av jubileumsrevyen starta for over eit år sidan, og direktørane har jobba hardt. Dei siste vekene har dei jamvel budd i Aulaen, der revyen skal framførast på fredag.
- Vi har hatt matordningar, soveordningar, ja til og med skuleordningar, fortel Øyen.

I samband med jubileet har dei også spelt inn ein CD som vart slept på ein pressekonferanse på Torgallmenningen onsdag denne veka. I tillegg har dei brukt eit halvt år på å øve inn ein gallakonsert. Denne skal framførast i Trollsalen på Troldhaugen laurdag, og Jubileumsdirektøren hevdar at kanskje sjølvaste Grieg vil dukke opp.

Rive vekk

Dei som gjerne ville sett revyen på fredag, men ikkje har billett, blir dessverre skuffa: førestillinga vart utselt i løpet av seks timar. Mange av plassane var allereie opptekne før billettane vart lagt ut for sal. Det kjem 50-60 av direktørane sine familiar, i tillegg til ca. 150 gamle direktørar (altså dei som tidlegare har vore med i Direksjonsmusikken), og studentgruppene som held til i kjellaren.

Til dei heldige som har fått billett kan Jubileumsdirektøren love eit fenomen betre enn noko dei har sett før. Dei spesielt inviterte gjestane kan også kose seg med spekemat ved langbord.

- Vi har eitt mål: å glede dei som ser på. Og litt oss sjølve, avsluttar Øyen.


Pressekonferanse
PRESSEKONFERANSE. Direktørane heldt pressekonferanse for å promotera jubileums-CDen sin på Torgallmenningen denne veka. Frå venstre: Anne-Stine Gjersdal, Grete Stokkeland, Harald Hornes Øyen og Knut Anders Thorset.
Foto: Knut André Karlstad
Plateslepp
PLATESLEPP. Jubileumsplata vart sluppe, bokstavleg tala, i ein ballong over Bergen by. Harald Hornes Øyen (t.v.) og Grete Stokkeland.
Foto: Knut André Karlstad
Direksjonsmusikken 1963
URMUSIKKEN. Under Per Aukner si leiing gjer Direksjonsmusikken sin fyrste offentlege opptreden den 28. oktober 1963, i høve den offisielle opninga av NHH sitt nybygg i Breiviken.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive