Deltok på Forskarnatta

Trond Halvorsen

I samband med Forskingsdagane 2008 gjekk Forskarnatta av stabelen på Norsk Bremuseum den 26. september. NHH-stipendiat Trond Halvorsen var ein av deltakarane. Frå muséet har Paraplyen fått denne artikkelen om arrangementet.

02.10.2008 - Marte Meland


Ungdom krev handling no

- Vi ser at klimaet endrar seg, no er det på tide med handling! Dette var det tydelege kravet frå 75 engasjerte skuleelvar frå i alt 32 nasjonar då dei møtte forskarar, ein stortingspolitikar og lokale styresmakter. Høvet var å lære meir om klima, klimaforandringar og konsekvensar under Forskarnatta på Norsk Bremuseum i Fjærland fredag 26. september .

- Vi veit nok om klimaendringar til at vi kan begynne å gjere noko. Alle har vi eit ansvar, for verknadene vil nå oss alle. Det nytter ikkje å leggje skylda på politikarane, eller omvendt, alle må gjere noko no, seier ungdommar frå Sogndal Vidaregåande skule og United World College i Fjaler.

Nokon meiner kanskje at det allereie er for seint, at vi berre må tilpasse oss i staden for å forsøke å bremse eller stoppe utviklinga. Andre meiner at alle kan påverke det som skjer, men da må individ ta ansvar, for forsking i seg sjølv løyser ingen problem om den ikkje fører til handling.

- Det er som om tale og handling ikkje passar saman, seier Teshi som kjem frå Tibet. Holdningsendring er viktig, men ikkje nok, seier han. Den må følgjes opp av politisk vilje til handling, både nasjonalt og internasjonalt.

Jostedalsbreen
MINKAR. Jostedalsbreen har vorte merkbart mindre sidan i fjor.
Foto: Trond Halvorsen

Breen minkar

- Breen har minka kraftig berre sidan i fjor, seier Prince frå Sierra Leone som òg var med på forskarnatta på Bremuseet i fjor. Begge åra har det blitt tid til filmen om Jostedalsbreen på Bremuseet og ein fagleg ekskursjon fram mot Supphellebreen i Fjærland. Det er det første møtet med ein isbre for mange av elevane.

Forskarane sine foredrag på forskarnatta handlar om klima og økonomi. Å høyre to ulike vinklingar på klimaproblemet er interessant, meiner ungdommane.

Dr. Øyvind Paasche frå Bjerknessenteret fortalte om FNs klimapanel sin klimarapport og breane si rolle i klimaforståinga. Gjennom arbeid med isbrear kan ein finne ut korleis klimaet har vore fleire hundre tusen år tilbake. Det er ingen tvil om at innhaldet av CO2 i atmosfæren har auka enormt mykje dei siste 100 åra, og at temperaturstigninga og har vore kraftig. Mellom anna fører dette til minking av isbrear.

- Er det ikkje sært å bry seg med at nokre brear forsvinner, når situasjonen elles er så alvorleg, spør ei jente. I tillegg til å vere ein klimaindikator, vil smelting av brear få store samfunnsmessige konsekvensar. I Himalaya er isbreane grunnlaget for vassforsyning til store deler av Asia, og smelting vil føre til flom og sidan til vassmangel.

- Bruk prismekanismen!

Stipendiat Trond Halvorsen frå Norges Handelshøyskole presenterte fleire økonomiske utfordringar vi står ovanfor på grunn av klimaforandringar. Kvotehandel med CO2 utslepp er ein måte å få forureinar til å betale for sine utslepp.

Å setje ein pris på varer som forureinar vil kunne føre til endring i forbruk, men då må politikarane ikkje vingle, men stå for prisauka over lenger tid, sa Halvorsen som oppfordra politikarane til å bruke prismekanismen for å stogge forureining.

- Politikarane svarar

- Ungdom kan stille vanskelege spørsmål, og det er ikkje bestandig like lett å komme med gode svar. Erling Sande (Sp) frå Stortingets Energi- og miljøkomite meiner Forskarnatta er ein kjempefin måte å treffe ungdom på og å få nye perspektiv på saka.

Han meiner måla i klimameldinga er realistiske, men ambisiøse , og det trenges handling og forandringar på alle nivå. No har me så mykje kunnskap om klimaet og klimaendringane at vi ser alvoret i situasjonen.

- Det må komme ei endring i livsmønster hos folk, og løysinga er global, så dette er eit enormt stort samarbeidsprosjekt. Vi må redusere utsleppa sjølv, og vi må hjelpe andre land å redusere sine utslepp, samtidig som dei skal kunne utvikle seg, sa Sande.


Norsk Bremuseum
IDYLLISK. Norsk Bremuseum ligg idyllisk til i Fjærland.
Foto: Trond Halvorsen

- Gå meir!

Ordførar i Sogndal, Jarle Aarvoll (Ap) fortalte at Sogndal har laga klima og energiplanar med konkrete tiltak som alternativ til elektrisk fyring i bustader, utbygging av gang og sykkelvegar og betra avfallshandtering.

- Det må koste å ikkje tenke på miljøet, for slik det er no bestemmer økonomien meir enn miljøet. Og folk må kunne bruke beina meir - til å gå eller sykle når dei skal korte distansar.

På spørsmål om biodrivstoff svara Erling Sande at det er OK så lenge det ikkje kjem frå matvarer eller produkt som kunne vore nytta til mat. Biodiesel laga på søppel er eigentleg det einaste forsvarlege. I eit land som Noreg, som held på å gro igjen, vil det og vere hensiktsmessig å nytte trevirke, sjølv om trær binder karbon, er dei ein del av det naturlege krinsløpet og vil ikkje forstyrre det slik som fossilt brennstoff.

Laura Kvamme (Sp) frå Fjærland fortel at bønder i bygda funderer på korleis dei kan bruke metangass frå landbruk til oppvarming av bustader. Slik kan ein minske utsleppa frå matproduksjon. Ungdommane rådde bygdepolitikarane til mellom anna å innføre papirposar i staden for plastikkposar i Bokbyen i bygda.

Godt utbytte

- Dette er lærerikt for oss! Foredragshaldarane er flinke og engasjerte! Forsking må gjerast tilgjengeleg og forståeleg for folk flest, også for dei som ikkje er studentar eller skuleelevar og har ein viss bakgrunnskunnskap. Det er ikkje alle som veit kva CO2 er eller kva det eigentleg betyr at nokre brear smeltar vekk, sa ungdommane.

Skuleelevane frå over 30 land blei samstemte i sin siste oppfordring til politikarane og forskarane på forskarnatta på Bremuseet: Har vi råd til å vente meir?



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive