Siste frist for siv.øk-tittelen

Siviløkonomstudentar

Våren 2008 er siste frist for å fullføre det fireårige siviløkonomstudiet. Dei som ikkje har bestått alle kurs og fått godkjent siv.øk-oppgåva innan 20. juni misser sjansen til å få tittelen siviløkonom.

14.03.2008 - Eva Melvær Langaas


Som eit resultat av fristen har i overkant 150 studentar meldt seg opp til innlevering av siviløkonomoppgåva dette semesteret, om lag tre gonger fleire enn våren 2007. Dette vil føre til noko meirarbeid på fagstaben, men samstundes vil fleire produserte studiepoeng gi NHH meir støtte frå Staten.

Tore Titland
SKRIV I PÅSKA. Tore Titland i Orkla Finans er ein av mange tidligare studentar som manglar sivøkoppgåva for å komma heilt i mål. Han satsar no på å skrive i påska for å få graden sin.

Nyttig press

Tore Titland er ein av dei som byrja i jobb før graden var fullført. I utgangspunktet var planen å skrive ferdig oppgåva i kombinasjon med den fyrste jobben, men slik vart det ikkje. Han syns det no er bra å få litt press på seg for å få gjort ferdig oppgåva.

- Eg har begynt på oppgåva fleire gongar tidlegare, men har vore nøydt til å ta pausar, og etterpå har det vore vanskeleg å starte opp att. No skal eg låse meg inne i påskeferien i to veker for å få gjort hovudarbeidet, og så tar eg finpussen etterpå, fortel Titland, som i dag arbeidar som kapitalforvaltar i Orkla Finans Kapitalforvaltning. Han angrar litt på at han ikkje fullførte før han starta i jobb.

- Samanlagt har eg nok brukt mykje meir tid på å jobbe med oppgåva enn om eg hadde skrive alt i eitt.

Ein annan som også nyttar seg av siste sjanse til å bli siv.øk er Lars Ludvigsen. Han er i dag Controller i økonomiavdelinga i Nes Kommune, og også i hans tilfelle var det eit jobbtilbod som gjorde at han ikkje leverte oppgåva medan han var aktiv student.

- Eg angrar ikkje, men det hadde jo vore greitt å vere ferdig. Og det har jo heile tida vore eit mål å bli ferdig, seier Ludvigsen.

Mange tiltak

Kor mange studentar som ikkje har fullført fins det ikkje noko oppdatert oversikt over, men alle skal ha fått den nødvendige informasjonen om fristen. NHH har gjennomført mange tiltak for at alle dei med ei ufullstendig grad skal få sjansen til å fullføre.

- Våren 2003 sendte Studieadministrasjonen brev i posten til alle siviløkonomstudentar som var semesterregistrert våren 2003, der vi orienterte om Kvalitetsreformen, omlegginga av studiestrukturen og kva for konsekvensar dette ville få for dei. Nesten 1800 studentar mottok dette brevet, fortel Kjersti Berg Danilova, kontorsjef for Studieadministrasjonen.


Kjersti Berg Danilova
SISTE FRIST. Dei som ikkje leverer oppgåva innan 20. juni kan satse på å ta ut ein bachelorgrad istaden, men siviøkonomtittelen får dei ikkje, fortel Kjersti Berg Danilova i Studieadministrasjonen.

Positivt

Også dei som ikkje var aktive studentar i 2003 skal ha fått informasjon om fristen.

- Vi hadde også ein omfattande gjennomgang av alle tidlegare siviløkonomstudentar, og som følgje av denne gjennomgangen vart det vinteren 2007 sendt ut eit informasjonsbrev til rundt 400 studentar som i perioden 1979-2002 hadde gjennomført heile studiet, med unntak av den avsluttande siviløkonomoppgåva. Vi har fått mange positive tilbakemeldingar frå mottakarane av dette brevet, seier Danilova.

I tillegg har NHH dei siste åra hatt eigne nettsider som handlar om utfasinga av dei gamle studieprogramma. Det har óg vore oppslag sentralt på nettsidene for studentar dei siste månadane med informasjon om fristen.

Både Titland og Ludvigsen er godt nøgde med informasjonen dei har fått, både frå skulen og gjennom vener og kjente.

Kan få Bachelor i staden?

Det er kvalitetsreforma som seier at NHH ikkje lenger rett til å utstede fireårig siviløkonomgrad etter dette semesteret. Alt håp er likevel ikkje ute for dei som ikkje blir siviløkonomar. Dei som ikkje har moglegheit eller lyst til å fullføre graden no får likevel sjansen til å ta ut ein bachelor, basert på første og andre avdeling, til saman tre år.

- Ein del siviløkonomstudentar har allereie nytta seg av denne moglegheiten, og vi reknar med at fleire i same situasjon etter kvart vil velje å ta ut bachelorgraden, trur Danilova.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive