Legg meir vekt på det pedagogiske

Prorektor Gunnar E. Christensen

Då den nye klimaprofessoren ved NHH skulle tilsettast vart dei tre mest aktuelle kandidatane inviterte til å halde prøveforelesingar. - Eit mønstereksempel på slik vi kanskje bør gjennomføre ein tilsettingsprosess, seier prorektor Gunnar E. Christensen, som også er leiar i Tilsettingsutvalet.

15.05.2008 - Eva Melvær Langaas


Dei tre kandidatane skulle demonstrere at dei hadde meir enn fagleg kompetanse å tilføre den nyoppretta stillinga, og hadde kvar si forelesing om ulike tema. Forelesingane var annonsert på førehand, og alle som ville kunne høyre på.

- Dette var ei veldig nyttig erfaring. Vi fekk ikkje akkurat nokon store overraskingar, men det vart ei fin forelesingsrekkje, meiner Mette Bjørndal, som var eitt av medlemmene i innstillingsorganet som var spesielt sett saman for dette høvet.

Samfunnsdebattant

Vanlegvis har professorar blitt tilsett meir eller mindre direkte basert på ei rangering og tilråding frå ein sakkyndig komité, som vurderer forskarkompetansen. Ofte er det berre denne tilrådinga som tel, saman med den formelle kompetansen. Denne gangen var det altså ei breiare vurdering som vart lagt til grunn i tilsettingsprosessen, av fleire årsaker.

Mellom anna hadde Sparebanken Vest, som finansierer professoratet, ein del forventningar til den som blir tilsett.
- Dette er ei spesiell stilling. Vedkommande skal ikkje berre vere ein forskar og forelesar på skulen, men ein miljøbyggjar og aktiv deltakar i samfunnsdebatten, fortel Christensen.

I tillegg var det ikkje klart kva for eit institutt professoren skal tilhøyre. Vanlegvis er styra for institutta involverte i prosessen og gir ei innstilling, men denne gongen vart det altså oppretta eit eige innstillingsorgan. Slike innstillingsorgan trur Christensen er ein riktig veg å gå, også ved tilsettingar innanfor eit institutt.

- Klimaprofessoratet er eit godt eksempel på at nokon tek over stafettpinnen etter at dei sakkyndige har sett på forskarkvalifikasjonane, meiner han. Slike utval kan mellom anna gjere vurderingar som dei sakkyndige ikkje har føresetnader for, som sjekking av referansar og vurdering av evna søkjarane har til å formidle kunnskapen sin. På denne måten kan ein leggje vekt på kven som er best eigna for den spesielle stillinga, og ikkje berre sjå på forskarkompetansen, trur Christensen.

Glenn Michael Jonassen
NØGD. Fagpolitisk ansvarleg i NHHS, Glenn Michael Jonassen, har jobba for at prøveforelesingar skal verta vanleg praksis ved tilsettingar.
Foto: Torgeir Uberg Nærland

Eksemplarisk

Studentane er også nøgde med at det framover skal fokuserast meir på kandidatane sine pedagogiske evner, ikkje berre forskingstalentet.

- Vi har jobba mykje for at prøveforelesingar skal vere vanleg praksis ved tilsettingar, fortel Glenn Michael Jonassen, fagpolitisk ansvarleg i NHHS. Han er også svært positiv til at leiaren for studentgruppa NHHS Energi var spesielt invitert til prøveforelesingane.

- Dei såg at det er spesielt interesserte på dette feltet i studentforeininga og tok dei med i prosessen - svært eksemplarisk, seier Jonassen.



Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive