Håp for dei fattige

Johannes Nymark (arkivfoto)

I Brasil kan ein ikkje snakka om at lova regjerer, for dei få privilegerte står over lova medan ho ikkje gjeld for dei talrike fattige, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark i ein kronikk i BT 23. mai.

23.05.2008 - Johannes Nymark


I praksis blir ikkje dei rike straffa om dei gjer brotsverk. På den andre sida er dei fattige - som for det meste er svarte - så til dei grader sette til sides at drap som skjer i ein favela, slumområda der dei fattige held til, i regelen ikkje blir etterforska.

Brasil er eit av dei mest valdelege landa i verda, med over 40.000 drap i året, meir enn i mange land i krig. Samstundes er Brasil eit av dei landa der skilnadene mellom rik og fattig er mellom dei største i heile verda. Det blir ofte hevda at São Paulo, med nesten 20 millionar innbyggjarar, er den byen i verda der ein finn flest private helikopter. I den same byen overlever 2,5 millionar som best dei kan i ein eller annan favela. Då den britiske skribenten Timothy Garton Ash gjesta ein offentleg barneskule i bydelen São Bernardo i São Paulo, spurde han elevane kva dei aller helst ville bli når dei blei store: «Politi!» skreik ein gut på 11 år, «for då kan eg drepa folk», la han til. São Bernardo er den bydelen i São Paulo der dagens president, Luis Inacio Lula da Silva, voks opp i total fattigdom.

Lulas fattigdomsproblem

I den avgrunnsdjupe fattigdommen i slummen blir born og unge rekrutterte til narkobandar heilt ned i 13-14-årsalderen. Dei eldste er ikkje meir enn eit par og tjue år. Desse unge seier at dei heller vil ha eit kort, hektisk og «spennande» liv i desse bandane enn eit langt liv som tenarar for rikfolk. Skulen er ikkje noko alternativ for å kome ut or misera, for foreldra treng arbeidskrafta deira, om det så er for å vaska bilruter, samla saman søppel til gjenvinning eller gå tur med hundane til dei rike. Ein novise som held vakt for ein narkobande, får dessutan meir i «løn» enn ein lærar med lang ansiennitet, så kva skulle vitsen vera med mødesamt å slita seg gjennom år på skulen?

Lulas kamp

At ein person som Lula er blitt president i Brasil kan få mykje å seia for dei fattige i landet, om ikkje på kort, så kan henda på lang sikt. Ikkje berre har han brote tradisjonen med statsleiarar frå den «politiske klassen» - overklassen og den øvre middelklassen - men han har òg føresetnader som få andre til å forstå rekkjevidda av fattigdom, svolt og manglande skulegang. Sjølv var Lula skopussar i barndommen, og 12 år gammal blei han tilsett i eit vaskeri. Som vaksen arbeidde han som mekanikar og metallarbeidar, før vegen gjekk om fagforeiningsarbeid og inn i politikken som leiar for PT (Arbeidaranes Parti). Med ein slik bakgrunn er det ikkje til å undrast over at han har lagt hovudvekt på den strukturelle kampen mot svolt. Programmet Fome Zero (null svolt) omfattar ulike tiltak som landreform og trygdereformer, i tillegg til naudhjelp og utdeling av mat.

Lulas alliansar

Lula som president har tent eit håp hjå dei fattige, og trass i fleire korrupsjonsskandalar mellom regjeringsmedlemmer, er populariteten til president enorm og faktisk aukande. Folk flest ser at han gjennomfører åtgjerder, også strukturelle, som vil kunna endra tilhøva deira dersom dei blir følgde opp. Dei veit òg at korrupsjon har vore og er ein viktig del av det politiske spelet i Brasil og at det ikkje lèt seg gjera å bli kvitt problemet over natta. Sidan Lula i starten av regjeringsperioden i 2002 ikkje hadde fleirtal i parlamentet, måtte han inngå alliansar med parti, til dømes PL (Det liberale partiet), som har vore vane med at politisk støtte blir gjengjeldt med økonomiske og andre ytingar. I ettertid kan ein heilt klart hevda at Lula var naiv som gjekk inn i slike alliansar. Sjølv meiner han at han måtte inn i slike alliansar for å komma i gang med reformene sine.

Lulas dialog

Brasil er saman med India og USA eitt av dei verkeleg store og folkerike demokratia i verda, og Lula har som uttalt mål å gjera Brasil til ei økonomisk og tilmed militær stormakt. For å få til dette, og for å kunna gjennomføra sosiale og økonomiske reformer, har han starta ein særs interessant dialog mellom ulike samfunnssektorar, som tidlegare ikkje samarbeidde i det heile: næringsliv og finans, fagrørsle, sosiale og kulturelle organisasjonar, og ei kyrkje som har stor gjennomslagskraft i folkemassane. Gjennom ein slik dialog vil Lula komma fram til konsensus i så mange saker som råd er, og han vil dessutan sikra samfunnsmessig legitimitet til reformene han vil ha gjennomført. Dette siste er ikkje minst viktig i eit land der korrupsjonen tradisjonelt sett har vore stor og der tilliten til maktapparat generelt og politikarar spesielt ligg på eit nullpunkt.

Lulas etikk

Internasjonale presseorgan har ein tendens til å fokusera på negative hendingar, og i tilfellet Brasil har ein lagt mykje vekt på at Lula og partiet hans, PT, ikkje lenger er reine for politisk korrupsjon. Det er sjølvsagt viktig så lenge partiet gjekk til val i 2002 med etikk som ei av fanesakene. Mindre interessert verkar ein i dei nyskapande forsøka ein har kome med i Brasil både før og etter at Lula kom til makta. Alt i 1989 tok ein i Porto Alegre til med eit prosjekt med såkalla deltakande budsjettering. Målet med prosjektet har heile tida vore å inkludera innbyggjarane i denne byen i Sør-Brasil både når ein utarbeider, følgjer opp, kontrollerer og evaluerer dei konkrete delane av budsjetta.

Lulas favela

Brasilianarane sjølve - også dei fattige - føler at ein i utlandet ikkje verdset dei forsøka på endring til det betre som florerer rundt om i Brasil i våre dagar. Det fekk før omtala Timothy Garton Ash erfara då han gjesta slumområde i São Paulo. Hiphop-artisten med kunstnarnamnet MCMagus kommenterte at han hadde sett filmen «City of God» av Fernando Meirelles (2002) og at han ikkje likte han. Grunnen var at filmen berre viste dei dårlege sidene ved livet i favelaen. For trass i dei umenneskelege tilhøva i slummen, sa MCMagus, så gjer folka som lever der det dei kan for å leva eit sømmeleg liv. Sjølv køyrer MCMagus rundt og leverer pizza på motorsykkelen sin. Og i favela-områda er det stadig fleire som driv ei eller anna form for næringsverksemd i liten skala. I tillegg ynglar det med frivillige som freistar opna nye horisontar for folk ved hjelp av data, teater, sport og hiphop.

Lulas reformer

Dei positive teikna kan indikera at Lula sine reformer i Brasil kan gi ein type demokratisk styre som folk flest føler som sitt eige og som kan inkludera alle gruppene i samfunnet. Kan henda er ho symptomatisk, jenta som rekte opp handa i klasserommet etter guten som ville bli politi: «Eg vil bli lege», utbasunerte ho, «for då vil eg kunna redda liv». I skjeringspunktet mellom desse to barnedraumane vil kampen om Brasil si framtid gå føre seg.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive