Glimt frå juletrefesten

Like sikkert som at jula varer heilt til påske er den årvisse juletrefesten i Aulaen i starten av januar.

07.01.2008 - Redaksjonen


Aulaen var pynta til fest på laurdag, med ei stor julegran som midtpunkt. Både unge og gamle NHHarar med born og barneborn hadde tatt turen for å kosa seg i lag med gode kollegaer og vener.

- Dette må vera det mest populære arrangementet på NHH, seier Elisabeth Løvenholm, som har knipsa bileta frå festen. - All ære til juletrefestkomitéen som gjorde ein kjempejobb, seier ho til Paraplyen.

Juletrefesten 2008
Hellen skoles musikkorps (på scena) stod for musikken på juletrefesten.
Foto: Elisabeth Løvenholm

Julenisse Roy Myklebust
Julenissen, i Roy Myklebust sin skikkelse, dukka opp med gåver til dei minste.
Foto: Elisabeth Løvenholm


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive