Det spanske demokratiet rundar 30

Francisco Franco

Demokratiet står stødig i Spania. Men spørsmåla om regionalt sjølvstyre er ei stadig kjelde til usemje, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark i ein kronikk i Dag og tid 22/8.

22.08.2008 - Johannes Nymark


Den spanske overgangen frå diktatur til demokrati etter at Franco døydde, er blitt sedd på som eksemplarisk og er blitt nytta som modell både i latinamerikanske land i 1980-åra og tidlegare sovjetstatar i 1990-åra. For mange kan det verka som ei gåte at Spania klarte å konsolidera demokratiet så fort som landet faktisk gjorde. I dag er det ein del forskarar som ser den vellukka spanske overgangen i eit større perspektiv. Dei går attende til tida før den spanske borgarkrigen og set den andre republikken (1931-36) som den eigentlege starten på overgangen til demokrati.

Godtek ein ei slik historisk analyse, kjem den spanske overgangen i eit anna lys. «I Spania kosta det oss dyrt å læra å leva i demokrati: ein million falne og nesten førti år med diktatur», sa Joan-Bautista Prats, professor i offentleg rett ved lærestaden ESADE (Barcelona), under eit seminar om nasjonalisme versus føderalisme i Santander no i sommar.

Desentralisering

Då det spanske folket sa ja til ei demokratisk grunnlov i folkerøystinga i desember 1978, var det ikkje berre eit farvel til Franco-diktaturet, men òg eit brot med ein tradisjon der det partiet som kom til makta - gjennom val eller gjennom kupp -, laga si eiga grunnlov. Overgangen til demokrati etter at Franco døydde i 1975, var tufta på konsensus mellom høgre- og venstresida i landet, og denne kom i særleg grad til syne i 1978-grunnlova. Det kan henda viktigaste resultatet av arbeidet med denne grunnlova var desentraliseringa av politisk makt gjennom ei ny inndeling i autonome regionar.

Spania blir i dag rekna for å vera eit av dei mest desentraliserte landa i verda, noko som står i sterk kontrast til sentraliseringa rundt Madrid i tidlegare epokar. Dei nye desentraliserte strukturane blir sedde på som noko av det viktigaste grunnlaget for den sterke økonomiske utviklinga som Spania har hatt dei siste tretti åra.

No er dei autonome regionane på nytt i fokus, under reforhandlingane av statuttane til dei autonome regionane. Somme meiner at ein bør nytta høvet til å lukka autonomiprosessane ein gong for alle, slik at ein i framtida ikkje blir stilt andsynes stadig nye krav om overføring av makt til regionane. Dei politiske realitetane er annleis: Så lenge det finst nasjonalistiske parti - som i Catalonia og Baskarland -, vil det ikkje vera råd å lukka autonomiprosessane, for dei utgjer sjølve kjernen i eksistensen til desse partia.

Føderalisme

Ein konsekvens av den spanske desentraliseringa er konkurranse mellom dei ulike regionane om å få så store budsjett som råd er. Spesielt Catalonia har gjort seg upopulært ved at regionen krev å få behalda store delar av dei rikdomane som blir genererte i området. Som så ofte elles er det rike område som i praksis syner seg minst solidariske med resten. Dette hevdar i alle fall politiske representantar for dei fleste hine regionane, som gjerne refererer til at 1978-grunnlova er basert på tre pilarar: einskap, autonomi (indre sjølvstyre) og solidaritet.

Spania har formelt sett ikkje eit føderalt politisk system, sjølv om landet i praksis fungerer som om det hadde det. Grunnen til dette er at termen «føderal» hjå mange er negativt ladd i Spania, fordi han blei nytta under det elleve månader lange republikanske eksperimentet under den første republikken (1873-74), eit eksperiment som enda i totalt kaos og anarki. Når ein i dag kan konstatera at det i Catalonia og i Baskarland eksisterer nasjonalistiske rørsler som er misnøgde med 1978- grunnlova, så argumenterer dei ikkje for ei føderal ordning, men snarare for å utdjupa dei autonome statuttane. Men som rimeleg er, spør ein seg i Spania om ikkje endeleg sjølvstende er det logiske målet for nasjonalistiske parti og grupperingar.

Nasjonalisme

I den pågåande prosessen med reforhandlingar av autonomistatuttane gjekk bølgjene ekstra høge då katalanarane diskuterte om dei skulle ha med i statuttane sine at Catalonia er ein nasjon. Høgresida i spansk politikk såg på framlegget som ein open provokasjon og ein invitt til katalansk separatisme, men katalanarane har ein hundre år lang tradisjon for å nytta termar som «nasjon» og «nasjonalitet» utan plent å forbinda dei med politisk suverenitet. Til slutt gjekk framlegget frå Catalonia gjennom i den spanske nasjonalforsamlinga, men då i ein modifisert og utvatna versjon.

Medan autonomistatuttane for Catalonia såleis var innanfor rammene av den spanske grunnlova, er situasjonen ein annan i Baskarland. Her har presidenten (lehendakari) for Baskarland, Juan José Ibarretxe, lagt fram ein plan som i høgste grad er kontroversiell og som i sin kortversjon går ut på at Baskarland i framtida skal vera eit land som er fritt assosiert med Spania.

Plan Ibarretxe føreset eit eige juridisk system for Baskarland, som likeins skal ha eigen representasjon i EU. Javier Solana, spanjolen som er ansvarleg for utanrikspolitikken til EU, har gitt klart uttrykk for at Plan Ibarretxe ikkje har nokon plass innanfor den føreslåtte «EU-grunnlova».

Ibarretxe har vilja konsultera det baskiske folket med omsyn til kva tilknyting Baskarland skal ha til Spania, men dei to store spanske partia - det sosialdemokratiske regjeringspartiet PSOE og høgrepartiet PP - har gått sterkt imot dette framlegget, under tilvising til at dette er noko som vedkjem heile det spanske folket og ikkje berre det baskiske. Som i alle saker som har med nasjonal suverenitet å gjera, får vi ein diskusjon om kva som er konstitusjonelt lovleg og kva som er legitimt ut frå eit folks eigne ønske og krav. Det er i dag allment godteke at koloniar skal ha sjølvråderett, og det same gjeld for nasjonar i imperium som går i oppløysing. Ut frå tradisjonelle definisjonar kjem Baskarland ikkje inn under nokon av desse kategoriane, og kravet om meir autonomi eller sjølvråderett blir difor avvist i resten av Spania.

Mellom partia til venstre for PSOE er det på gang ein endringsprosess i retning av å støtta nasjonalistiske politiske prosjekt. Såleis kan det nemnast at venstrekoalisjonen IU går inn for Plan Ibarretxe.

Grunnane til dette er i hovudsak to: For det første blei IU tapar ved valet i mars og ser etter saker som kan gi dei nytt veljargrunnlag, og for det andre gjer det seg gjeldande ein viss opposisjon mot globaliseringa, som ein meiner undervurderer folks behov for å høyra til i ein fellesskap på trygg og varig basis. Dette siste kan forklara korfor desentralisering er like aktuelt i Spania i dag som for tretti år sidan.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive