Markerte kjærleiksdagen
Roy Myklebust i NHHs driftsavdeling stilte opp med heimebakt sjokoladekake på Valentinesday 14. februar. Kaka var hovudsakleg til damene, men nokre menn fekk også smake.
14.02.2007 - Kristian T. Marthinsen
Det var førstemann til mølla, og kaka som vart plassert i informasjonsavdelinga forsvann fort.
Kvart på ti møtte studieadministrasjonen opp. Ti minutter seinare dukka ein representant for etter- og videreutdanninga opp, mannleg vel og merke. Ytterlegare fem minutter seinare var personalavdelinga på plass.
Myklebusts vedlagte brev åtvara menn fra å ta seg ein smakebit, men det var minst tre stykker av det mannlege slaget som sneik til seg eit stykke. Resten vart forbeholdt damene.
|