Inviterer til webforum på NHH

Informasjonsavdelinga ved NHH set i gang eit internt webforum for alle webutleggarar på Høgskulen. Fyrste møte i forumet går av stabelen komande onsdag klokka kvart over ti.

20.02.2007 - Red.


- Alle som publiserer eller som ynskjer å publisere stoff til nettsidene er velkomne, seier den ferske webredaktøren, Kristian Marthinsen.

Kick-off
På sikt skal webforumet vere ein arena der dei faste webutleggarane kan møtast og lære av kvarandre. Målet er at alle utleggarar skal føle seg trygge på publisering, noko som vil føre til betre nettsider for NHH. Det vil bli arrangert mellom fire og seks webforum kvart år.

Etter kvart vil webforumet bestå av ein person frå kvart institutt/avdeling, men på onsdag er alle som ynskjer å lære meir om publisering velkomne.

Internasjonalt kontor blir piloten
Dei neste to månadene skal informasjonsavdelinga samarbeide tett med Internasjonalt Kontor. Saman skal dei sjå korleis dei kan gjere nettsidene til Internasjonalt Kontor meir tilgjengeleg for brukarane.

Arbeidet med nettsidene til Internasjonalt Kontor vil pågå fram mot webforumet sitt neste møte. Fram til månadsskiftet april/mai anbefaler Marthinsen difor alle som er interesserte til jamnleg å besøke desse sidene for å følgje med på endringar som blir gjort.

Agenda for webforumet

  • Velkomen
  • NHHs arbeid med ny virksomhetsportal
    - ved Thor-Inge Næsset, IT-sjef
  • Analyseverktøyet Google Analytics samt PhDs arbeid med publisering
    - ved James Hosea
  • Kan ein mal hjelpa deg?
    - ved Hans Erik Hallheim, webmaster
  • Nye sider for Etter og Videreutdanninga
    - ved Morten Hilt, seniorkonsulent
  • Kva ynskjer har webutleggarane?
    - ved Kristian Marthinsen, webredaktør


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive