Paraplyen delvis tilbake i drift
Etter tekniske problem i forrige veke er Paraplyen no tilbake i drift. Me slit dessverre enno med nokre feil, men håpar å få desse retta i løpet av kort tid.
06.03.2006 - Kenneth Gravdal
Etter ei oppgradering av operativsystemet på den serveren der Paraplyen er installert, slutta publiseringssystemet å virka. Årsaka til dette vart ikkje funnen og retta før fredag ettermiddag.
Dessverre viser det seg at det framleis er delkomponentar i systemet som ikkje virkar. Me får mellom annan ikkje lagt til bilder i sakene.
Me har også eit problem med at forsida til Paraplyen av og til ikkje viser, men gjev ei feilmelding. Når dette skjer er det nok å ta ein "refresh/reload" i nettlesaren for å få fram sida.
Det er vert jobba med å fiksa feila, og me håpar å vera i normal drift så snart som råd er.
|