Vikariat som redaktør

Norges Handelshøyskole utlyser med dette eit vikariat som redaktør for magasinet NHH Silhuetten og internavisa Paraplyen. Vikariatet er lagt til informasjonsavdelinga. Vikariatet varer til 20. mars 2007 med rom for forlenging, eventuelt fast tilsetjing.

26.06.2006 - Personalavdeling


Redaktøren har det daglege ansvaret for Paraplyen og Silhuetten. Vedkommande må kunne skrive, redigere og planlegge innhaldet i dei to. Vidare trengs det evner til å leie andre, handheve avtalar med leverandørar og handtere budsjett og andre administrative oppgåver. Andre driftsoppgåver ved Informasjonsavdelinga vil også vere aktuelle.

For stillinga er det naudsynt med høgare utdanning frå universitet eller høgskole (minimum tilsvarande bachelor eller høgare) innan økonomi, samfunns- eller mediefag. God muntleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk er eit absolutt krav, andre framandspråk er ein fordel.

Vi søkjer ein erfaren journalist og redigerar, gjerne med bakgrunn som redaktør eller redaksjonell leiar. Vi ønskjer oss ein sjølvstendig, humørfylt og engasjert person med god redaksjonell røynsle. Personen må kunne sette seg inn i tungt fagstoff. Røynsle frå forskingsformidling eller høgskulesektoren er eit føremon. Vi ønskjer ein person som er fleksibel, sjølvstendig, initiativrik og evne til å arbeide godt i team.

Stillinga vert løna etter statens regulativ som 1408 - førstekonsulent, ltr. 38 - 47. Høgare løn kan bli vurdert dersom det melder seg særs kvalifiserte søkjarar. Dersom det melder søkjarar med omfattande røynsle og spesialkompetanse, vil ein vurdere å tilsette i 1434 - rådgjevar, ltr. 41-54. Frå løna vil det bli trekt to prosent som innskot i Statens Pensjonskasse.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda til å søkje.

Formidling og informasjon er eit satsingsområde ved NHH, og vi kan love utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit godt miljø. Informasjonsavdelinga har nye lokalar med ope kontorlandskap. Den som blir tilsett vil rapportere til informasjonssjefen. Innhaldet i stillinga kan bli endra over tid.

Kontakt informasjonssjef Asle.Haukaas@nhh.no for nærare informasjon om stillinga.

Søknadsfrist 08.07.2006.

Søk stillinga på www.nhh.no/omnhh


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive