Stilling som webredaktør

Norges Handelshøyskole utlyser med dette stilling som webredaktør ved NHH. Stillinga er lagt til informasjonsavdelinga.

26.06.2006 - Personalavdeling


Webredaktøren har det daglege ansvaret for nhh.no, og må ha naudsynte kunnskapar om publisering på nett for sjølv å kunne produsere stoff, oppdatere nettsidene samt rettleie og inspirere andre i produksjon av nettsider. Andre oppgåver ved informasjonsavdelinga må påreknast.

For stillinga er det naudsynt med høgre utdanning frå universitet eller høgskole (minimum tilsvarande bachelor eller høgare) innan økonomi, samfunns- eller mediefag. God muntleg og skriftleg framstillingsevne på nynorsk, bokmål og engelsk er eit absolutt krav, andre framandspråk er ein fordel.

Vi ønskjer at den som blir tilsett har:

· inngåande kjennskap til XHTML, XML og CSS
· røynsle med bilderedigering i Photoshop eller tilsvarande program
· røynsle med forskingsformidling eller frå arbeid innan høgare utdanning

Vi søkjer ein erfaren webredaktør med redaksjonell røynsle frå journalistikk, informasjonsarbeid og/eller publisering på nett. God innsikt i webbaserte tenester, publiseringsløysingar og verktøy/teknikkar vil telje positivt. Vi ønskjer ein sjølvstendig, humørfylt og engasjert person med sikker språksans og evne til å sette seg inn i og formidle tungt fagstoff. Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.

Stillinga vert løna etter statens regulativ som 1408 - førstekonsulent, ltr. 38 - 47. Høgare løn kan vurderast dersom det melder seg særs kvalifiserte søkjarar. Frå løna vil det bli trekt to prosent som innskot i Statens Pensjonskasse.

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er difor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda til å søkje.

Formidling og informasjon er eit satsingsområde ved NHH, og vi kan love utfordrande og spennande arbeidsoppgåver i eit godt og hektisk miljø. Nettsidene våre vert ein stadig viktigare informasjonskanal, og er eit medium i konstant endring. Informasjonsavdelinga har nye lokale med ope kontorlandskap. Den som blir tilsett vil rapportere til informasjonssjefen. Innhaldet i stillinga kan bli endra over tid.

Kontakt informasjonssjef asle.haukaas@nhh.no eller webmaster kenneth.gravdal@nhh.no for nærare informasjon om stillinga.

Søknadsfrist 08.07.2006.

Søk stillinga på www.nhh.no/omnhh


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive