Nynorskprosenten må opp

Regjering og storting går inn for auka innsats for å fremja nynorsk målbruk. Innan utgangen av 2007 skal alle statlege organ ha ein nynorskprosent på 25 prosent. NHH har eit stykke fram til kravet.

10.07.2006 - Knut André Karlstad


I mars vart Stortingsmeldinga Målbruk i offentleg teneste behandla. Her varslar regjeringa auka innsats for å fremja nynorsk målbruk i alle statlege organ. Tal for Norges Handelshøyskole viser at det er eit godt stykke fram til målet er nådd.

NHH hadde i perioden 2001-2004 13,1 prosent nynorsk i tilfang på 1-10 sider og 6,9 prosent nynorsk i tilfang på over 10 sider. For 2005 er tala henholdsvis 9 og 5,5 prosent. På nhh.no er 23 prosent av sidene på nynorsk.

Klar melding frå departementet
Språkrådet ber no organ som ikkje tilfredsstiller krava om å setje i verk tiltak. Alle leierar må informera i eigen organisasjon om krava frå regjeringa. Det skal óg utarbedast handlingsplanar for å sikra at reglane i mållova blir følgde. Leierane i dei ulike avdelingane må kunngjera planen og påleggja dei tilsette å følga han.

Regjering og storting gir dermed klar beskjed til dei statlege institusjonane. "Reglane for målbruk skal etterlevast. Å sjå til at dette skjer, er ei tenesteplikt på linje med andre embets- og tenesteplikter" heiter det i eit rundskriv frå Kultur- og kyrkjedepartementet.

Mållova frå 1980 krev at alle sentrale statsorgan skal veksla mellom bokmål og nynorsk i rundskriv, kunngjeringar, informasjonstilfang og liknande. Over tid skal det brukast minst 25 prosent av kvar målform.

"På langt nær alle statsorgan etterlever dette lovkravet. Det er svært uheldig at staten på denne måten ikkje respekterer grunnleggjande lovkrav" heiter det vidare i meldinga frå departementet.

Dei ulike avdelingane i NHH-miljøet har no fått instruks om å utarbeide tiltaksplanar innan utgangen av august.

Tilbod om hjelp
Språkrådet arbeider no med å byggja opp ei særskild språkteneste for statsorgan. Denne tenesta skal medverka til at bruksfordelinga mellom bokmål og nynorsk blir i samsvar med krava i mållova, og arbeida for god språkleg kvalitet på alle dokument som blir laga i statstenesta.

Tenesta blir lansert tidleg på hausten 2006 og vil bistå med rågjeving, opplæring og utarbeiding av rettleiingsmateriell.

Aktuelle lenker:

Mållova:
http://www.lovdata.no/all/hl-19800411-005.html

Frå Språkrådet:
http://www.sprakradet.no/maalrapportering
http://www.sprakradet.no/Stmeld7


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive