Stipend innan havbruk
Hordaland Fylkeskommune har bevilga midlar til prosjektet "Trainee - Kontaktstipend for studentar innan havbruk og vidareforedling av sjømat i Hordaland". Studentar ved NHH kan søke.
06.04.2006 - Redaksjonen
Ordninga omfattar studentar ved Norges Handelshøyskole, Høgskolen i Bergen og Universitetet i Bergen. Stipendet er oppretta for å stimulera til auka kontakt mellom utdanningsinstitusjonar/studentar og bedrifter.
15 000 kr i stipend Ordninga skal bidra til at studentane kjem i nær kontakt med næringa gjennom oppgåvearbeid eller ekskursjonar. Tildeling av midlane aukar kontakten utan at dette medfører ekstra utgifter studenten.
Stipendet dekker overnatting, innkvartering, reiser, utgifter til forsøk/analyser og andre nødvendige utgifter. Stipendet er avgrensa opp til kr.15.000,- for kvar student.
Denne tildelinga omfattar; semesteroppgåve, hovudfagsoppgåve, masteroppgåve, annen praksis eller ekskursjon som aukar kommunikasjonen og forståinga mellom studentar og bedrifter. Det skal leverast ein kort søknad med beskriving av den praktiske sida ved prosjektet/opphaldet ved bedrifta. Det skal sendes inn et oppsett med prosjektregnskap kva pengane er brukt til seinast tre veker etter at oppgåva er ferdig.
Søknaden må innehalda
Personalopplysningar, kontonummer for utbetaling, tittel på oppgåve evt. bakgrunn for opphaldet, målsetting, gjennomføringsplan - praktisk og tidsmessig, budsjett og finansieringsplan. Søknaden må være signert av studenten sjølv og den aktuelle veiledar. Ein stipendkomité beståande av Vestnorsk Havbrukslag og MarinVest Los behandlar søknader og foretar innstilling. Vi satser på ein rask sakshandsaming og at aktuelle stipend blir utbetalt i løpet av mai 2006.
Søknadsfrist Søknader må være inne før 24. april 2006.
Vi tar i mot søknader både elektronisk og i papirform til:
Norsk Sjømatsenter.
V/ Per Gunnar Kvenseth E-post kvenseth@sjomat.no (mobil 905 97310)
Bontelabo 2
5003 Bergen
|