Vekst på 1,4 milliardar
Regjeringa foreslår ei samla vekst i løyvingane til forsking på 1,4 milliardar kroner.
14.10.2005 - Stig Nøra
Regjeringa foreslår ei samla vekst i løyvingane til forsking på 1,4 milliardar kroner.
I tillegg foreslår ein å auke kapitalen i fondet for forsking og nyskaping med 39 milliardar kroner til 75 milliardar kroner, ifølgje ein pressemelding frå departementet.
Andre saker i budsjettforslaget er blant anna:
• For å styrkje rekrutteringa av forskarar foreslår Regjeringa å løyve 132 millionar kroner til dei 100 nye doktorgradsstillingane som blei oppretta frå hausten 2005, og til å opprette 350 nye doktorgradsstillingar frå hausten 2006.
• Løyvingane til grunnforsking gjennom Forskingsrådet over budsjettet til Utdannings- og forskingsdepartementet er styrkte med over 250 millionar kroner.
• Kapitalauken i fondet for forsking og nyskaping gir ei auka avkasting i 2007 på rundt 1,4 milliardar kroner.
• Over områda til andre departement foreslår Regjeringa ein særleg sterk auke i løyvingane til næringsretta forsking.
• Kvalitetsreforma blei fullfinansiert med ei løyving på 1 144 millionar kroner i 2004. Løyvingsnivået blei halde oppe i 2005, og no foreslår Regjeringa å føre det vidare og gjere det permanent. Samtidig blir budsjetta til universiteta og høgskulane styrkte med 156 millionar kroner som følgje av at talet på avlagde studiepoeng aukar.
• Regjeringa foreslår å gi 40 millionar kroner i starttilskot til to nye byggjeprosjekt i universitets- og høgskulesektoren - 30 millionar kroner til rehabilitering av Sørhellingabygget ved Universitetet for miljø- og biovitskap og 10 millionar kroner til nybyggprosjektet Samisk vitskapsbygg i Kautokeino. Det er vidare gjort framlegg om å løyve 75 millionar kroner til å vidareføre byggjeprosjektet ved Institutt for informatikk (IFI II) ved Universitetet i Oslo og 55 millionar kroner til å vidareføre samlokaliseringa ved Høgskolen i Vestfold. Budsjettet inneheld i tillegg forslag om 172 millionar kroner i utstyrs- og husleigemiddel til bygg som blir ferdigstilte i 2006.
• For å byggje ut nettinfrastrukturen ved norske forskingsinstitusjonar foreslår Regjeringa å løyve 12,6 millionar kroner til Gigacampus-prosjektet. Prosjektet skal gi standardisert opprusting av den lokale campusinfrastrukturen og den lokale IKT-kompetansen ved institusjonane.
|