Stave ny leiar for UHR
Rektor Gunnar Stave ved Høgskulen i Volda er valt til ny leiar for Universitets- og høgskolerådet (UHR).
12.05.2005 - Afsoun Sabzian
Stave er valt for perioden 2005-2007, og han tar formelt over 1. august etter rektor Kirsti Koch Christensen frå Universitetet i Bergen.
Dr. polit. i sosiologi Gunnar Stave har vore nestleiar i UHR frå 2000-2005, og er i dag rektor ved Høgskulen i Volda.
- UHR skal først og fremst vere ein interesseorganisasjon for institusjonane i universitets- og høgskulesektoren, seier den nyvalte leiararen i ei pressemelding.
- I ei tid med store forventningar til den rolla høgre utdanning og forsking skal ha for utviklinga av velferdsstaten, er det viktig å skape politisk og samfunnsmessig forståing for kva som krevst for å nå måla. Dette blir ei særleg viktig oppgåve no når vi går inn i ein valkamp. Det er også viktig å forsvare grunnleggande verdiar i høgre utdanning, og gjennomtenke korleis desse skal realiserast i dag. Derfor skal UHR vere ein viktig møteplass for debatt om høgre utdanning og forsking, avsluttar Gunnar Stave.
For meir informasjon om Universitets- og høgskolerådet (www.uhr.no)
|