Stipendiatstilling i fiskeriøkonomi
Ved Norges Handelshøyskole er det ledig fireårig stipendiatstilling ved Institutt for samfunnsøkonomi.
08.08.2005 - Knut André Karlstad
Stillinga blir finansiert av Strategisk instituttprogram ved Senter for fiskeriøkonomi. Vi føreset at stipendiaten vel sitt avhandlingstema innanfor dei fagområda som blir dekka av dette programmet, d.v.s. forvaltning av delte fiskebestandar og økonomisk analyse av fiskerireguleringa (medrekna studier av produktivitet). Søknaden bør innehalde kort skisse av avhandlingstema.
Tilsetjing i stipendiatstilling føreset opptak i doktorgradsprogrammet ved NHH. For å bli tatt opp i doktorgradsprogrammet må søkjaren ha femårig mastergrad eller tilsvarande som er relevant for vedkommandes doktorgradsutdanning, og for arbeidet med avhandlinga. Kvalifiserande utdanning skal normalt vere innafor økonomisk/administrative fag og eksamensresultata skal normalt være laudable. Studentar som avsluttar utdanninga i inneverande semester, og som tek sikte på å byrja på doktorgradsstudiet våren 2006, kan og søkje.
Kandidatar som ikkje har kvalifiserande utdanning frå Noreg, må sørgje for at dokumenterte resultat frå GMAT/GRE vert tilsendt NHH frå GMAT/GRE senteret.
Stillinga har stillingskode 1017 og vert løna i lstg. 39. Frå løna vert trekt 2 % til Statens Pensjonskasse. Søknaden skal skrivast på eige skjema. På skjemaet er det spesifisert kva vedlegg som skal leggjast ved søknaden. Det vert tilrådd å søkje rettleiing hjå faglærar ved høgskulen ved oppsetjing av plan for studiane.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor et personalpolitisk mål å oppnå ein balansert kjønns- og alderssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og kvinner oppfordrast til å søkje. Dersom søkjarane står tilnærma likt, vil kvinnelege søkjarar verte føretrekte.
Interesserte vil kunne få nærare opplysningar om stillinga ved å vende seg til professor Rögnvaldur Hannesson, NHH, tlf. 55 95 92 60, e-post rognvaldur.hannesson@nhh.no. Informasjon om doktorgradsstudiet og stipendiatstillingar finst på http://www.nhh.no. Stipendiaten må delta i pliktarbeid etter nærare avtale med instituttet. Pliktarbeidet utgjer 25 % av stillingsbrøk.
Søknaden skal skrivast på eige skjema. På skjemaet er det spesifisert kva vedlegg som skal leggjast ved søknaden. Søknaden må vere fullstendig for å bli vurdert. Felles søknadsskjema for stipendiatstilling og opptak doktorgradsstudiet kan ein få ved å vende seg til personal- og organisasjonsavdelinga ved høgskulen, tlf. 55 95 94 80. Søknadsskjema er og tilgjengeleg på følgjande adresse http://www.nhh.no/adm/personal.
Søknad med vedlegg skal sendast i 5 eksemplar til Norges Handelshøyskole, personal- og organisasjonsavdelinga, Helleveien 30, 5045 Bergen.
Søknaden merkast "stillingsnummer 020/2005".
Søknadsfrist 15.september 2005.
|