OK budsjettframlegg

"Heilt greit", er assisterande direktør Kurt Petersens korte kommentar til korleis framlegget til nytt statsbudsjett slår ut for NHH. Framlegget frå Regjeringa vil auke statstilskotet til høgskulen frå 233 millionar til 250 millionar neste år. Det tilseier ei auke på 7,1 prosent om det vert vedteke.

06.10.2004 - Asle Haukaas


Dei gode tala for høgskolen skuldast opptrappingsplanen for siviløkonomutdanninga på NHH og auka produksjon i avlagde studiepoeng. Opptrappinga i samband med Kvalitetsreforma held fram med framlegg om ein auke i budsjettramma på 3,9 millionar. Talet på avlagde "60-studiepoengseiningar" er auka med 123 medan talet på utvekslingsstudentar er redusert med fem, noko som samla sett aukar løyvinga med 4,5 millionar. Det er òg framlegg om ei ny doktorgradsstilling frå hausten 2005.

Framlegget inneheld òg kutt. Regjeringa føreslår ein generell reduksjon på budsjettramma for universitet og høgskular på 78 millionar kroner knytt til reduksjon i studieplassar. Av desse fell 1,1 million på NHH, noko som tilsvarer 56 studieplassar i dei minst kostnadskrevande studia.

Det nye strategiprogrammet til NHH-miljøet får god omtale i framlegget til statsbudsjett saman med omlegginga som følgje av Kvalitetsreforma. Talet på vitskaplege artiklar auka frå 2002 til 2003 og avlagde doktorgrader auka frå 11 til 14.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive