Nytt epostsystem klart 2. august

IT-avdelinga er i full gang med omlegginga til nytt epostsystem, og reknar med å lansera den nye løysinga måndag 2. august.

15.06.2004 - Kenneth Gravdal


Det nye systemet er basert på Microsoft Exchange og vil ha ein del fordelar samanlikna med dagens system. Mellom anna vil du sjølv kunna setta opp vidarekopling av epost til andre adresser. Du vil og få høve til å legga inn automatisk svar om at du er på ferie osv, men av praktiske årsaker berre til interne brukarar.

Studentar vil kunna nytta adresser av typen fornavn.etternavn@student.nhh.no i tillegg til dei adressene dei har i dag.

Reint teknisk vil overgangen skje ved at den nye eposttenaren vert teken i bruk på den annonserte datoen. Gammal epost vil deretter gradvis bli flytta over på den nye tenaren. Det betyr at enkelte personar må venta nokre dagar på arkivert epost, men ny epost vil dukka opp i innboksen som vanleg.

Eitt passord
I dag har alle brukarane på NHH to separate sett brukarnamn og passord. Eitt for epost og eitt for Windows-pålogging. Med introduksjonen av det nye systemet vil Windows-brukarnamnet og passordet også gjelda for epost.

For dei som vel å halda fram med å bruka sin gamle epostklient vil det bety at første gang dei les epost etter omlegginga vil få spørsmål om brukarnamn og passord. Etter å ha lagt inn dette, vil ting fungera som før.

Skal du derimot dra full nytte av alle dei nye funksjonane på eposttenaren bør du ta i bruk siste versjon av epostprogrammet Outlook. Dette vil bli installert på alle windowsmaskinar i løpet av sommaren, saman med oppgraderinga av Office til versjon 2003.

Ny webmail
Saman med den nye epostserveren vert det lansert ein ny versjon av webmail. Den nye versjonen er basert på Outlook og er langt meir funksjonsrik enn dagens webmail. Basisfunksjonane er testa, og fungerer mot ei lang rekke weblesarar og plattformer.

Før omlegginga vil det vera tilgjengeleg brukarrettleiing til Outlook, samt oppskrifter på korleis du konverterer gamle adressebøker frå Netscape e.l. til bruk med Outlook. IT-koordinatorane står også klare til å hjelpa dei som treng assistanse i samband med omlegginga.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive