Doktorgradsstipendiatstilling i fiskeriøkonomi
Ved Norges Handelshøyskole (NHH) er det ledig ei fireårig stipendiatstilling ved Institutt for samfunnsøkonomi.
19.01.2004 - Stig Nøra
NHH blei grunnlagt i 1936, og utgjer i dag landets leiande fagmiljø innan økonomisk-administrative fag. NHH er norsk medlem av Community of European Management Schools (CEMS). Høgskulen har i dag over 2800 heiltidsstudentar, ein samla stab på over 300 personar, og samarbeidar nært med stiftelsane Administrativt forskingsfond (AFF) og Stiftelsen for samfunns- og næringslivsforsking (SNF). Til saman utgjer NHH og dei tilknytte stiftelsane eit stort fagleg og praktisk fellesskap med meir enn 500 tilsette.
Stillinga blir finansiert av Strategisk instituttprogram ved Senter for fiskeriøkonomi. Vi føreset at stipendiaten vel sitt avhandlingstema innanfor dei fagområda som blir dekka av dette programmet, det vil si forvaltning av delte fiskebestandar og økonomisk analyse av fiskerireguleringa (medrekna studier av produktivitet). Søknaden bør innehalde kort skisse av avhandlingstema.
Tilsetjing føreset opptak i doktorgradsprogrammet ved NHH.
Søkjarar må minst ha eksamen som cand.merc. eller cand.oecon. ved Norges Handelshøyskole eller tilsvarande høgare grads eksamen som er relevant for vedkommande sitt doktorgradsstudium, og for arbeidet med avhandlinga. Studentar som er i gang med høgare studium, som avsluttar utdanninga i inneverande semester, og som tek sikte på å byrja på doktorgradsstudiet hausten 2004, kan og søkje.
For kandidatar med anna utdanning enn frå NHH krevjast det minst Master of Science eller tilsvarande grad, der minimum 18 månader skal være økonomi og administrasjon eller samfunnsøkonomi. Kandidatar med utdanning frå utlandet må sørgje for at dokumenterte resultat frå GMAT/GRE vert tilsendt NHH.
Stillinga har stillingskode 1017 og vert løna i lstg. 37. Frå løna vert trekt 2 prosent til Statens Pensjonskasse. Søknaden skal skrivast på eige skjema. På skjemaet er det spesifisert kva vedlegg som skal leggjast ved søknaden. Det vert tilrådd å søkje rettleiing hjå faglærar ved høgskulen ved oppsetjing av plan for studiane.
Den statlige arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad gjenspegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor et personalpolitisk mål å oppnå ein balansert kjønns- og alderssamansetning og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Personar med innvandrarbakgrunn og kvinner oppfordrast til å søkje. Dersom søkjarane står tilnærma likt, vil kvinnelege søkjarar verte føretrekte.
Interesserte vil kunne få nærare opplysningar om stillinga ved å vende seg til professor Rögnvaldur Hannesson, NHH, tlf. 55 95 92 60, e-post: rognvaldur.hannesson@nhh.no. Informasjon om doktorgradsstudiet og stipendiatstillingar finst på http://www.nhh.no. Stipendiaten må delta i pliktarbeid etter nærare avtale med instituttet. Pliktarbeidet utgjer 25 prosent av stillingsbrøk.
Søknadsskjema kan ein få ved å vende seg til personal- og organisasjonsavdelinga ved høgskulen, tlf. 55 95 96 39. Søknadsskjema er og tilgjengeleg på følgjande adresse: http://www.nhh.no/adm/personal/. Søknad sendast til Norges Handelshøyskole, personal- og organisasjonsavdelinga, Helleveien 30, 5045 Bergen. Søknaden merkes "stillingsnummer 004/2004".
Søknadsfrist 20.02.04.
|