CEMS-studentar legg fram sine Business Project

IT Vest, Artesia Capital, OVDS (Hurtigruten) og Dispence (tidlegare Paraplyselskapet) har denne våren blitt satt under lupa av internasjonale studentgrupper. I morgon legg CEMS MIM-studentane fram sine analysar.

20.05.2003 - Anette W. Petersen


CEMS Business Project er ein obligatorisk del av den europeiske mastergraden i leiing (MIM). I grupper på fem har studentane laga situasjonsanalysar for kvar sine bedrifter, kor blant anna problemstillingar som vekstmuligheiter og marknadsstrategi har blitt utreda.

Resultata i rapportane dei no skal legge fram skal representere ein tilleggsverdi og frambringe nye aspektar for bedrifta, samtidig som studentane må vise at dei er i stand til å foreta ei akademisk analyse av situasjonen.

Rettleiarar for studentane har vore programdirektør i CEMS Tor Aase Johannessen, partner Stig Sevaldsen i Artesia Capital og representantar frå den enkelte bedrift.

Presentasjonen er open for alle interesserte. Det serverast kaffi, te og Twist.

Tid: Onsdag 21. mai kl. 12.15
Stad: Aud. Karl Borch

Desse CEMS MIM-studentane skal presentera sitt Business Project onsdag

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive