Strategi og budsjett prega siste styremøte

I siste møte for året vedtok styret mellom anna budsjettet i tråd med framlegget for 2004 saman med fordeling av nye faglege stillingar og ramma for investeringar neste år. Framlegget til nytt strategisk fundament for NHH-miljøet vart spissa noko i handsaminga.

19.12.2003 - Asle Haukaas


Budsjettet for NHH inkluderer ei styrking med elleve fagstillingar til institutta, ei investeringsramme på litt over 20 millionar mellom anna for å møte krava i kvalitetsreforma og for første gong ei avsetting på seks millionar til eigenkapital.

Dei nye faglege stillingane vart fordelt med tre stillingar til kvar av institutta for føretaksøkonomi, samfunnsøkonomi og rekneskap, revisjon og rettsvitskap medan Institutt for strategi og leiing fekk to stillingar.

Styret bad om å få ei utgreiing om kva investeringsramma skal nyttast til på neste møte. Lønsramma for administrasjonen blei vedteken i tråd med framlegget, men styret etterlyste den pågåande evalueringa av administrasjonen og uttrykte ønskje om å få fagfolk med i prosessen.

Ein internasjonal visjon
Framlegget til visjon for NHH vart spiss mot å vere på eit høgt internasjonalt nivå. Resultatet av den interessante debatten var at styret vedtok å leggje til heilskap og mangfald som ein ekstra kjerneverdi ved NHH. Framlegget kom frå Jens P. Heyerdahl som understreka at dei samla interessene til institusjonen alltid må gå føre dei individuelle interessene samstundes som han gjerne ser mangfald.

Styret vedtok å etablere NHH Alumni som ei permanent tilbud. Alumninettverket blir etablert som ein ordinær del av verksemda til NHH knytt til informasjonsavdelinga og med eit permanent alumniråd. Spørsmål om utviding av tilbodet og eventuell engelsk utgåve av nettverket vil bli førelagt styret i løpet av 2004.

Praktisk-pedagogikk nedlagd
Av andre saker fant styret tida inne for å leggje ned praktisk-pedagogisk utdanning grunna låg søknadsmengde dei siste åra og kraftig redusert interesse i vidaregåande skule for økonomisk-administrative fag. Frigjorte faglege ressursar vil bli brukt til å auke universitetspedagogiske tiltak og rådgjeving etter samråd med Institutt for strategi og leiing.

Bachelorstudiene vert dimensjonert for 410 studentar neste år - det største talet nokonsinne. Eitt-årig studium i engelsk fagspråk og oversetting vart sett til 30, masterstudiet inntil 50 utanom 30 ikkje-nordiske studentar til profilen i International Business, medan masterstudiet i rekneskap og revisjon vert ope.

Lagdommar Kjell Frønsdal frå Gulating lagmannsrett vart oppnemd som leiar av den nye klagenemda. Han får med seg professor Jostein Lillestøl, førsteamanuensis Katarina Østergren, amanuensis Michael B. Hageberg og studentane Ann Karin Haugen og Erlend Reigstad. Rådgjevar Nina Dahl vert sekretær for nemda.

NHH har no fått delegert mynde til å gje løyve som statsautorisert translatør. Det var semje om alle styrevedtaka.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive