Spørsmål om nasjonal identitet

NSD skal neste haust gjennomføre ei spørjeskjemaundersøking om nasjonal identitet. No inviterer dei norske forskarar til å delta i utforminga av spørsmål.

20.11.2002 - Anette W. Petersen


Norsk samfunnsvitenskapelig datatjeneste (NSD) skal foreta undersøkinga i samarbeid med the International Social Survey Programme (ISSP). Den internasjonale delen vil bli gjennomført i nærare 40 land og NSD sitt spørjeskjema vil innehalde ein norsk tilleggsmodul med spørsmål som berre vil bli stilt i Noreg.

Norske forskarar som er interesserte i å delta med eigne spørsmål vert no inviterte til å sende inn forslag. Informasjon om mellom anna spørjeskjema, utval og gjennomføringsplan finn ein på NSD si informasjonsside. Nærare informasjon om undersøkinga og søknadsprosedyrar kan ein også få ved å vende seg til NSD på telefon 55 58 21 17, eller e-post nsd@nsd.uib.no.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive