Ingrid Simonnæs fyller 60

Ingrid Simonnæs ved Institutt for språk fyller 60 år mandag 25. mars. Det er på alle vis ein svært ungdommeleg NHH-kollega som no er jubilant.

22.03.2002 - Torunn G. Saunes


Etter å ha arbeidd i næringslivet ei tid og vore vitskapeleg assistent ved Universitetet i Bergen i tre år, blei Ingrid Simonnæs tilsett som amanuensis i tysk språk ved NHH i 1973. Ho blei førsteamanuensis i 1985 og statsautorisert translatør same året.

Ingrid Simonnæs har med stort engasjement vore med på å utvikle undervisningstilbodet i tyskfaget innanfor siviløkonomutdanninga. Simonnæs var og aktivt med i etableringa og oppbygginga av NHH sitt spesialstudium i tysk for næringlivet, der ho påtok seg ansvaret for den juridiske delen og utvikla denne til ein solid, men krevjande fagdisiplin. Ho spela ei aktiv rolle etter at NHH hadde påtatt seg ansvaret for å organisere og avvikle eksamen for statsautoriserte translatørar og gje fagleg assistanse til desse kandidatane. Innsatsen hennar her har blant anna resultert i publiseringa av Norsk-tysk juridisk ordbok. I forskningssamanheng har ho først og fremst arbeidd innanfor fagspråk og translatologi, og då spesielt i krysningsfeltet mellom desse.

Ingrid Simonnæs har villig påtatt seg mange verv, både internt ved NHH og eksternt. Ho har vore instituttstyrar, medlem av kollegiet, styremedlem i ANLA og medlem av styret for studiesenteret i Kiel, for berre å nemne litt. Alle verva har ho utført på ein profesjonell måte og med stor entusiasme. Ho har ein arbeidskapasitet som imponerer, men ingenting tyder på at ho har tatt skade av innsatsen.

Venner og kollegaer ved NHH gratulerer med dagen.

Ingrid Simonnæs ved Institutt for språk fyller 60 år.

Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive