Strategi på plakaten i kollegiet
Semesterets siste kollegiemøte torsdag denne veka vert stort sett knytt til strategiske problemstillingar. NHHs fagstrategi og ressursrammer for program og institutt er to av dei store sakene som skal handsamast.
18.06.2002 - Elin F. Styve
I tillegg skal kollegiet ta stilling til sak om publikasjonsbonus for medarbeidarar ved NHH, overskotsdeling frå etter- og vidareutdanningstiltak, og diverse tilsetjingar. Kollegiet skal også oppnemna eit utval til å utgreia endringar ved NHH som følgje av 3+2-reformen.
Fem doktorgradar skal verta tildelt. Opptaksrammer og regulering av studier for komande skuleår er også på saklista.
|