Melding frå IT-avdelingen: Agressivt virus i spreiing

Me avviser no alle epostar som kjem til NHH med berre "Re:" i subject-feltet. Det betyr at dersom du svarar på ei melding med tomt subject-felt må du legga til eit eller anna i dette feltet for at meldinga skal bli avlevert.

29.11.2001 - IT-avdelingen


Mange har dei siste dagane fått fylt opp postkassen sin med epostar som anten har eit subject-felt der det berre står "Re:", eller der det står ein masse tull. Som vedlegg til denne eposten ligg det ei fil med eit namn som anten sluttar på ".pif" eller ".scr". NB: Vedlegget er ofte "skjult", men det er der likevel! Maskinen til avsendaren av slik epost har fått viruset "Aliz" eller "Badtrans", som er såkalla epost-ormar. Det tyder at maskinen til vedkommande (utan at eigaren veit det) sender epost til alle som ligg i adresseboka på maskinen. Det beste, og dessvere einaste du kan gjera er å sletta meldingane så snart du får dei. Om du greier å sletta meldingane utan å opna dei, er det det beste.

Alle maskinane på NHH er utstyrte med Norton Antivirus - som vert oppdatert minst ein gong i døgeret. Dette programmet oppdagar og tar knekken på viruset slik at våre maskinar ikkje blir smitta. Dette hindrar derimot ikkje at me får slike epostar. Det er dessverre lite eller ingenting me kan gjera med dette problemet.

Du må sjølv sørga for at eventuelle heimemaskinar er oppgradert med siste versjon av Norton Antivirus. Ta kontakt med IT-koordinator for lån av CD. NB: gjeld berre tilsette (ikkje studentar).

Skulle du likevel bli smitta så er ikkje viruset i seg sjølv farleg for maskinen. Det største problemet er faktisk at epostserverar vert overbelasta med utsendinga av desse virusa.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive