Høge søkjartal også i år
Årets søkjartal til siviløkonomstudiet tangerer fjorårets "all time high". 3954 søkjarar har siviløkonomstudiet som eitt av alternativa på søknadsskjemaet. Dette er nøyaktig like mange som i 2000.
10.05.2001 - Elin F. Styve
98 prosent av årets søkjarar er no registrerte ved Samordna opptak (SO).
2153 av desse har siviløkonomstudiet som sin 1. prioritet. På same tid i fjor hadde 2159 søkjarar sett siviløkonomstudiet på 1. plass.
37,8 prosent av søkjarane er kvinner, mot 37 prosent i fjor.
Dei som søkjer på siviløkonomstudiet er også relativt unge. Ca. 55 prosent av søkjarane er 20 år eller yngre. På landsbasis er 35 prosent av søkjarane 20 år eller yngre, fortel førstekonsulent i studieadministrasjonen, Martin Tjelta.
Les meir hjå Samordna Opptak.
Pressemelding frå KUF
|