Statsbudsjettet er offentleggjort

Regjeringa har lagt fram forslag til statsbudsjett for 2001, og det vert no finlest i alle sektorar - også på NHH.

04.10.2000 - Elin F. Styve


Budsjettforslaget kan granskast nærare på desse to nettstadene:
www.odin.dep.no/bud2001/sb/kuf/innhold.htm
www.odin.dep.no/bud2001/

Paraplyen kjem tilbake med kommentarar frå NHH-hald når ein har fått lest igjennom det som er av størst betydning for høgsulen.

Utdrag frå KUF sin omtale av budsjettet:
For å styrkje den langsiktige, grunnleggjande forskinga foreslår Regjeringa å auke kapitalen i Fondet for forsking og nyskaping med 3 mrd. kroner frå 1. januar 2001. Den samla kapitalen i fondet blir såleis 7 mrd. kroner. Fondsavkastninga skal styrkje langsiktig, grunnleggjande forsking generelt og dei langsiktige delane av dei fire tematiske satsingane.
Regjeringa foreslår også å auke løyvingane til avansert vitskapleg utstyr med 25 mill. kroner og å opprette 100 nye doktorgradsstipendiatstillingar og 40 nye postdoktorstillingar, (jf. kap. 281 på budsjettet til Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet). Det vil òg komme nye midlar til rekrutteringsstillingar gjennom den auka avkastninga frå Forskingsfondet og gjennom auka forskingsløyvingar på budsjetta til andre departement. For å betre likestillinga i forsking og høgre utdanning, foreslår Regjeringa å øyremerkje dei 40 nye postdoktorstillingane og 20 nye professorat for kvinner.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive