Doktorgrad: Uformell læring på arbeidsplassen
Erik Døving (33) disputerer torsdag 26. oktober til doktorgraden ved NHH med avhandlinga Competence Acquistion in the workplace. Human Resource Development in Statoil.
23.10.2000 - Afsoun Sabzian
Avhandlinga tek særleg for seg korleis medarbeidarar i ulike delar av ein stor bedriftsorganisasjon lærer av kvarandre. Dette er ei særleg aktuell problemstilling i store organisasjonar med mange spreidde einingar.
For å undersøke denne problemstillinga deler avhandlinga medarbeidarane sitt samla læringsutbytte inn i mindre komponentar eller kompetansetypar. Desse kompetansetypane er i ulik grad retta inn mot ei bestemt bedrift. Avhandlinga fokuserer på tre av desse komponentane: Intraorganisatorisk kompetanse, kompetanse retta mot ei bestemt eining i organisasjonen, og jobbspesifikk kompetanse.
Avhandlinga drøftar deretter korleis opparbeiding av desse kompetansekomponentane blir påverka av følgjande faktorar i organisasjonen: Medarbeidaren sine forflyttingar mellom stillingar og einingar i organisasjonen, horisontale organisasjonsstrukturar, og medarbeidaren sitt kommunikasjonsmønster. Desse samanhengane blir til slutt prøvd mot data innsamla blant 980 medarbeidarar i Statoil. Analysar av datamaterialet viser at forflyttingar og kommunikasjon har særleg stor innverknad på læring. Prosjektarbeid på tvers av einingar og samarbeid innan avdeling gir også positivt utslag på den uformelle læringa. Det er også verd å merke seg at læringa følgjer det samme karakteristiske avtakande mønsteret som i tradisjonell forsking på læringskurver.
Erik Døving er frå Valldal på Sunnmøre. Han er sivilingeniør ved NTNU og cand.merc. (høyere avdeling) i administrasjonsfag ved NHH. Han arbeider no som forskar ved SNF.
I bedømmingskomitéen for avhandlinga sit professor Willy Haukedal, UiB, professor Arne Kalleberg, University of North Carolina, USA, og professor Tom Colbjørnsen, NHH. Rettleiar har vore Odd Nordhaug, NHH.
Meir informasjon om kandidaten: www.snf.no/ansatt/doving.htm.
|