Virus-alarm på NHH

NHH sin automatiske viruskontroll har oppdaga at ein del av NHH sine maskinar er ramma av eit nytt virus: "navidad.exe".

22.11.2000 - Elin F. Styve


Viruset slettar ikkje data, men kan gjera operativsystemet (Windows) ustabilt, og på den måten føra til tap av data, opplyser førstekonsulent Kenneth Gravdal.

Dersom du mottek eit vedlegg med namn "navidad.exe" må du sletta dette vedlegget. Ikkje gjer forsøk på å opna vedlegget, det vil seia ikkje kjør programmet "navidad.exe".

I tillegg til å gjera maskinen ustabil fungerer viruset slik at det (dersom du bruker MS Outlook) hektar seg sjølv på utgåande mail som har vedlegg.

- Våre antivirusprogram kjenner att og øydelegger viruset, men ved å følga råda over kan du hindra ytterlegare spreiing, og unngå at maskinen din vert ramma, fortel Gravdal. Han gjentek det som har vore sagt mange gonger om epost-virus: Det er ikkje eposten som er farleg. Innhaldet i den kan du lesa med godt samvit. Det er eventuelle vedlegg som skaper fare.

Meir informasjon om det aktuelle viruset finn du her.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive