Universitet og høgskular i eitt og same råd
Eit nytt nasjonalt råd for høgare utdanning ser no dagens lys: Universitets- og høgskolerådet.
11.05.2000 - Elin F. Styve
Det er Det norske universitetsråd og Det norske høgskolerådet som er slått saman til eitt felles arbeidsorgan. Dei to tidlegare einskilde råda legg vekt på at universitets- og høgskolesektoren gjev rom for eit mangfald av institusjonar og forskjellige utviklingslinjer, heiter det i ei melding frå det nye rådet. Som tidlegare medlem i universitetsrådet er også NHH medlem i det nyetablerte samarbeidsorganet.
Det er danna eit interimstyre for det nye rådet. I Bergen er det rektor ved HiB, Kari Blom, som er kontaktperson for interimstyret.
|