Helse for 60 +

Alle fast tilsette over 60 får no tilbod om periodisk helsekontroll. Telefonsentralen tek imot timebestilling.

23.05.2000 - Elin F. Styve


Den såkalla periodiske helsekontrollen er eit tilbod til alle fast tilsette annakvart år, og til dei over 60 kvart år. Denne våren er det altså kun dei over 60 som får tilbodet. Helsekontrollen går føre seg hjå HMS-gruppen AS, Sandviksboder legepraksis. Dersom ein vel å nytta annan lege for periodisk helsekontroll vil NHH refundera pengane til satsar tilsvarande Sandviksboder legepraksis. Satsane i dette tilfellet er på inntil 800 kroner.

Det er ledige timar frå 29. mai til og med 14. juni. Ring telefonsentralen på NHH (10) for å få time.

Ingebjørg Tyssedal minner om at det også er mogleg å nytta Sandviksboder legepraksis utanom dei periodiske helsekontrollane, til redusert pris. Meir informasjon om dette finn du på personalavdelinga sine nettsider.

http://www.nhh.no/adm/personal/.


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive