Rebellen Maradona

Når Diego Armando Maradona kjem til Bergen i morgon for å spela oppvisningskamp, vil ein få oppleva både eit fotballgeni og eit ikon. Maradona er nemleg også ein rebell som har gått gjennom mykje i livet og som blir elska av fattige over heile verda, skriv førsteamanuensis Johannes Nymark i denne kronikken i BT 11. september 2006.

11.09.2006 - Johannes Nymark


«Dieguito, hald hovudet over driten!». Det er onkel Cirilo som brøler til den vesle nevøen sin før han er heilt framme ved kloakken og kan redda han ut or familien sine ekskrement. Diego Armando Maradona er framleis ein liten gut, og han bur kummerleg med foreldra i eit lite hus utan straum og innlagt vatn. Han ser ikkje klart kor han går i mørkret, og brått ligg han der og kavar i kloakken.

Tre tiår seinare, då Diego heldt på å gå til grunne i ein depresjon som var blitt påført han av stoff og stress, opplevde han på nytt det same sjokket som då han som liten gut fall i kloakken. Den traumatiske erfaringa frå gutedagane blei som eit symbol på livet som hadde fare forbi i rasande fart, den alt for korte barndommen han hadde hatt. Ein ting hadde han lært: utan omsyn til kor djupt ein dett, utan omsyn til kva ein dett oppi, så eksisterer det alltid ein veg opp og ut og fram.

Denne vegen er ikkje alltid lett for fattigfolk, som må snu seg som best dei kan i eit ekstremt urettferdig samfunn. Og då Maradona laga mål med «Guds hand» mot England i fotball-VM i Mexico i 1986, blei det mange stader sett på som uttrykk for det perfekte lureriet, einaste metoden fattigfolk har i samfunn der lover og reglar er laga av og for dei rike.

I det skitne Villa Fiorito i Buenos Aires-provinsen var det den gongen ikkje stort anna enn fotball smågutane kunne leika seg med. «Mange skjemst over å måtta innrømma at dei kjem frå slummen, men ikkje eg. Hadde eg ikkje vakse opp i fattigdom, ville eg ikkje ha blitt Maradona. Eg var fri til å spela alt eg ville og orka, og dét er det ikkje så lett for ungar å gjera i byane no til dags. Vi hadde rom til å spela slik vi ønskte det».

Det let seg ikkje gjera å førestelle seg at ein Diego Armando Maradona skulle komma frå overklassen. Hans karisma byggjer på ein symbiose av liv, lære og fotballkunst. For mange fattige er Maradona, som Argentinas mytiske Evita, med Gud mot fattigdommen. Han er ein som fattigfolk klart kan identifisera seg med når han opponerer mot alt som luktar av makt: mot presidentar, mot fotballklubbeigarar, mot disiplin og mot undertrykking. Kva anna har ein hatt å tru på enn ein Maradona i eit postindustrielt, nyliberalistisk og til tider gjennom korrupt Argentina?

Maradona er ein opprørar og ein karismatisk figur i Sør, i særleg grad i heimlandet Argentina, der folket roper namnet hans i angstsituasjonar. Utan omsyn til kva han finn på, er Diego helt i Sør og skurk i Nord.

I Dhaka (Bangladesh) truga ein folkemasse på 20.000 med å setja byen i brann då Maradona ikkje fekk spela meir etter dopingavsløring under fotball-VM i USA i 1994. Med Che Guevara tatovert på armen og med stadige utfall mot korrupsjonskulturen i FIFA, blir han sett på som ein opprørar som både Fidel Castro og pave Johannes Paul II har tatt imot med stor entusiasme, sjølv om han er utan eksplisitt ideologi, kan henda nettopp difor.

Når Maradona har gått til åtak på FIFA-pampane, særleg tidlegare president Joao Havelange og etterfølgjaren Sepp Blatter, har det generelt vore fordi dei har gitt totalt etter for kommersielle interesser, noko som mellom anna gav seg utslag i at ein under Mexico-VM i 1986 måtte spela i steikande varme for at kampane skulle gå direkte og i beste sendetid i Europa.

I dei første åra på 1980-talet nekta Diego Armando Maradona å reklamera for sigarettar (han røykte ikkje) og for eit vinmerke (han meinte det kunne fremja alkoholisme reint allment). Men om lag samstundes fekk Maradona føla på kroppen konsekvensane av ei kunstig fysisk utvikling.

Etter at han kom til FC Barcelona i 1982 fekk han aldri høve til å ta seg inn att etter skader. Til dét var han for økonomisk lukrativ for klubben, og mannen måtte spela utan omsyn til skader. Han spelte med sterke smertestillande, og presset gjorde at han blei fysisk utmatta, sidan òg psykisk. Dei kommersielle krava tvang Maradona ut på bana utan at han var i form, og spelestilen hans gjorde at han blei meir og meir skadd. Til slutt førte ei blanding av fysisk og psykisk utmatting, og dårlege sosiale kontaktar, han ut på skråplanet.

Men alt i Argentina hadde Maradona fått ein forsmak på kva konsekvensane kunne bli av ei kunstig og forsert fysisk utvikling. Då han blei lånt ut frå Argentinos Juniors til Boca Juniors i 1980, stod det i kontrakten hans at når dei to laga møttest, skulle han spela ein omgang for kvart av laga. I ein slik kamp måtte han gå skadd av bana etter 17 minutt. I andre omgang kom han på bana i Boca-drakt. Boca-tilhengjarane ropte ut kjælenamnet hans - Ma-ra-dooo - for å stimulera han, medan Boca-leiarane observerte han med argusauge. Dei forventa at han skulle spela på topp, i samsvar med det dei hadde betalt for han.

Maradona skreik opp på tribunen der Boca-supportarane var: «Eg gir meg ikkje». Han spelte opp mot sitt aller beste, og alle som heldt med Boca, var samde om at han den dagen hadde spelt ein heroisk kamp. Svært få var dei som visste at han i pausen hadde fått ein solid dose smertestillande for i det heile å kunna fullføra kampen. Spelaren har sjølv sagt at han etter den kampen ikkje fekk sova på tre døger på grunn av dei sterke smertene han hadde etter at verknadene av injeksjonen hadde gitt seg. Seinare i karrieren måtte Diego ofte spela med ein sko som var fleire nummer større enn den han til vanleg brukte, grunna hoven og smertefull ankel.

Klanen rundt Maradona hadde ein særs negativ effekt på mannen, heilt frå den tok form på slutten av 1970-talet. Det som interesserte klanmedlemmene, var glansen frå stjerna, lettente pengar og jet set-livet som dei fekk tilgang til gjennom han. Overfladiske og falske som dei var, gjekk dei ikkje av vegen for å svika idolet - når det kunne tena eigne interesser.

Då Maradona blei arrestert for kokainmisbruk i Buenos Aires i august 1991, var det eit politisk maktspel som låg bak. Diego var i folket sine auge ein Kristus som blei ofra, medan presidenten den gongen, Carlos Menem, lik Pontius Pilatus, vaska sine hender og stolt kunne visa fram eit kokaintrofé - Maradona - i ei tid då mange av Menem sine eigne politiske medarbeidarar var klaga for det same. Året før, under fotball-VM i Italia i 1990, hadde Pontius Menem utnemnd Maradona til sportsambassadør.

I desember 2000 blei Diego Armando Maradona valt til den beste fotballspelaren i verda i det 20. hundreåret. Røystinga gjekk føre seg via Internett og blei organisert i regi av FIFA, men då dette internasjonale fotballforbundet blei medviten kva retning det bar i, fann dei høge herrar ut at dei måtte gjera noko. For korleis skulle dei forsvara å gi prisen til denne «narkomane tjukken», som minst av alt såg ut som ein idrettsmann og som att på til hadde gått til kraftige åtak på FIFA-bossane fordi dei gong på gong har gitt etter for kommersielle interesser? Løysinga blei å rådføra ekspertar utpeika av FIFA sjølv. I denne røystinga vann Pele, framom Alfredo di Stefano (Argentina) og Maradona.

Med omsyn til spelarkåringa, så grunngav FIFA-president Joseph Blatter den nye strategien med to røystingar med at «internauta» stort sett er unge og ikkje har føresetnader for å vurdera spelarar som Pele og di Stefano, som spelte for snart eit halvt hundreår sidan. For å retta på dette var det at FIFA-gubbane òg skulle velja sin favoritt. Og så var dei jo heldige då som fekk Pele opp på første plass, ein på alle måtar korrekt og vellukka verdsborgar som dediserte sitt FIFA-trofé «til pappa, til Gud og til Guga Kuerten», den brasilianske tennisspelaren som nett då hadde klatra opp på toppen av verdsrankinga.

Rebellen Maradona dediserte sitt folketrofé «til det argentinske folket, til Cuba og folket der, til Fidel Castro og Che Guevara, og også til Napoli og alle fotballspelarar i verda».


Kontakt: paraplyen@nhh.no
Redaktør: Astri Kamsvåg
Ansvarleg redaktør: Kristin Risvand Mo

Utviklet av Renommé Interactive